Mange UiB-kandidatar får relevant jobb
Dei aller fleste UiB-studentantane er i relevant jobb to år etter utdanning, og utviklinga er positiv, viser ein ny rapport.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fleire får relevant jobb
Sidan 2005 har delen kandidatar frå Universitetet i Bergen som opplever arbeidsløyse eller ufrivillig deltid i arbeidslivet sokke frå 5 prosent til rundt 3 prosent i 2011.
Tala er presentert i rapporten «Fra studier til jobb i Bergensregionen».
– Det er viktig for Universitetet i Bergen å ha kunnskap om kva for jobbar kandidatane våre får og om kompetansen dei tileignar seg ved UiB er tilfredsstillande for jobben dei skal gjere. Det er gledeleg å sjå at vi utdannar folk med god kompetanse til arbeidslivet. Dei aller fleste er i jobb, og i ein relevant jobb, seier viserektor for utdanning Oddrun Samdal på nettsidene til UiB.
Undersøkinga viser at blant dei som får relevant arbeid etter studia, er det stadig fleire som får det raskt etter ferdig eksamen. Samtidig klarer kandidatane med høgare grad seg klart betre på dette området. I 2011 hadde 42 prosent av dei spurte bachelorkandidatane eit ikkje-relevant arbeid, 9,5 prosent var arbeidsledige, og 6,8 jobba ufrivillig deltid. Dei tilsvarande prosenttala for masterkandidatar var 14,2, 3,5 og 2,4. (©NPK)