Fire barn overlevde 40 dagar åleine i Amazonas

Søskena var sakna sidan ein flystyrt 1. mai.

Synne Ulltang
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior.

Det minste barnet var 11 månader gammalt. Dei andre barna var 4, 9 og 13 år gamle, skriv NRK.

Søskenflokken var på veg med mor si i eit småfly då det styrta i regnskogen i Colombia 1. mai. Dei tre vaksne som var om bord i flyet døydde, men dei fire barna overlevde flystyrten. Dei begynte å vandra gjennom jungelen.

Barna tilhøyrer urbefolkninga huitoto. Dei visste litt om korleis dei skulle overleva i regnskogen. I Amazonas lever det slangar, jaguarar og andre rovdyr.

Over 200 soldatar og frivillige leita etter barna. Dei la ut pakkar med mat og kasta ut instruksjonar med tips om å overleva i jungelen. I tillegg spelte bestemora inn ein beskjed til barnebarna som blei sendt på høgtalarar. Ho bad dei om å halde seg i ro slik at redningsarbeidarane kunne finne dei.

På fredag kom denne meldinga på militærradioen til redningsarbeidarane: «Mirakel, mirakel, mirakel, mirakel.» Det var koden for at dei fire barna var funne i live, skriv The Guardian.

No er dei saman med familien sin på sjukehus i Bogota, hovudstaden i Colombia, der dei får mat og kvile.


Grizzlybjørn 399 med sine fire bjørneungar i november 2020. Foto: Ryan Dorgan/Jackson Hole News & Guide via AP, File