Kåring: Her er den verste reklamen i 2013
4500 ungdommar har talt – det er Russedress som var best på å få ungdom til å føla seg verst i 2013.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Årets verste reklame
Over halvparten stemte på Russedress framfor dei andre kandidatane H&M og Björn Borg.
– I reklamane sine nyttar Russedress modellar som ser ut som Barbie og Ken til å fortelja ungdom at russetida handlar om sex og fyll. Det store talet på stemmer dei fekk viser at dette provoserer ungdom, seier leiar i PRESS Andrea Sjøvoll.
LES OGSÅ:Kva av desse reklamane er verst?
Marknadsføringa til Russedress rettar seg mot elevar på vidaregåande skular, og startar lenge før russetida. Skulane flyt over av russekatalogar, noko heller ikkje yngre elevar kan skjerma seg mot.
– I løpet av 2013 har Russedress måtte trekkja tilbake både eitt av sine strykemerke og eitt reklamebilde grunna sterke reaksjonar frå blant andre Forbrukarombodet. Dette viser tydeleg at Russedress dyttar grensene for kva som er akseptabelt, spesielt med tanke på at selskapet rettar seg mot ei ung målgruppe, seier Sjøvoll.
LES OGSÅ: Noreg minst dårleg i klassen
– Når Russedress med kampanjen sin set standarden for korleis russen skal sjå ut og korleis dei skal feira russetida, får det alle som ikkje passar inn i idealet til å føla seg utilstrekkelege, fortset Sjøvoll.
– Dette problemet har dei til felles med alle reklameaktørane som brukar uoppnåelege ideal til å fremja produktet sitt.
Sjøvoll presiserer at det ikkje er modellar eller andre einskildmenneske som oppfyller skjønnheitskriteria dei er ute etter med denne kampanjen.
– Me ynskjer å nå ut til ungdom med bodskapen om at det finst mange fleire enn éin måte å vera fin på, og me ynskjer å bruka kampanjen til å visa mediebransjen at dette er noko ungdom bryr seg om, og at dei òg bør byrja å visa eit større mangfald av kroppar i marknadsføringa si, fortset ho.
– Responsen me har fått i form av stemmer til Gullbarbie aukar for kvart år me har kampanjen. Dette er noko som engasjerer ungdom veldig, fordi alle har kjent presset på kroppen. Bransjen burde ta dette på alvor, avsluttar Sjøvoll.
Framtida.no har spurt dagleg leiar i Russedress, Henrik Nørstrud, om ein kommentar på tildelinga og om kva han vil gjera for at Russedress ikkje skal støyta fleire med reklamane sine.
Han svarar i ein epost at han ikkje har ytterlegare kommentarar utover det dei har svart i tidlegare intervju.