Rekordmange vil bli tollarar

Tollvesenet fekk i år inn 2161 søkjarar til 16 stillingar som tollaspirantar. Det er 135 personar per stilling.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Så vidt eg kjenner til har me aldri hatt fleire søkjarar, seier Kari Christine Moldekleiv, seniorrådgjevar i region vest, til Bergens Tidende.

LES OGSÅ: Fleire vil jobbe i politiet

Flest i aust
Søknadsfristen gjekk ut førre måndag og prosessen med utveljinga er allereie i gang.

– Me er svært glade for at me er ein såpass attraktiv arbeidsplass. Me er godt i gang med å velje ut aktuelle kandidatar og ser fram til nye kollegaar, seier Jan Erik Hærum, avdelingssjef i administrasjonsavdelinga i Tollregion Øst-Norge, i ei pressemelding.

Fire regionar søkte etter nye aspirantar, medan Tollregion Oslo og Akershus og Tollregion Midt-Noreg ikkje hadde opptak denne gongen.

Slik var søkjarmassen fordelt ut over landet:

Aust-Noreg: 845 søkjarar (5 stillingar)
Vest-Noreg: 476 søkjarar (7 stillingar)
Nord-Noreg: 165 søkjarar (2 stillingar)
Sør-Noreg: 675 søkjarar (5 stillingar)

For dei heldige utvalde ventar 26 månader med betalt opplæring, før dei har pliktteneste i 22 månader.