Peanøttallergi kan behandlast – med nøtter

Allergiske born har fått ein betre kvardag takka vere ein ny metode som i enkelte tilfelle kan redde liv, seier britiske forskarar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan behandle nøtteallergi

Små dosar peanøttpulver teke inn over ein periode på fleire månader ser ut til å byggje opp toleranse hos borna, skriv det britiske legetidsskriftet The Lancet. Det betyr ikkje at dei kan gumle i seg så mykje peanøtter dei vil, men vernar mot følgjene av umedviten nøtteeting.

– Før måtte eg på sjukehus omtrent annakvar veke på grunn av allergien, seier 11 år gamle Lena Barden frå Cambridgeshire i Aust-England til den britiske rikskringkastinga BBC.

– Eitt år seinare kunne eg ete fem heile peanøtter utan nokon reaksjon i det heile, fortel ho.

LES OGSÅ: – Paracet kan gje born astma

Utbreidd
Peanøtter er den mest utbreidde årsaka til matallergi som i verste fall kan ende med døden. Det har til no ikkje eksistert noka form for behandling for denne allergien, så den einaste løysinga for pasientar med slik allergi har vore å unngå peanøtter fullstendig.

Fagfolk ved Addenbrooke-sjukehuset i universitetsbyen Cambridge har forsøkt å få immunsystemet til born til å tolerere protein som finst i slike nøtter. Borna som deltok i forsøka, fekk kvar dag tilført eit pulver som inneheldt slikt protein.

Av dei 99 deltakarane i alderen frå 7 til 16 år kunne det store fleirtalet etter kvart tåle daglege dosar på 800 milligram peanøttpulver. Dette er 25 gonger så mykje som dei tålte før tilføringa av pulver, og langt meir enn noko sannsynleg utilsikta inntak.

LES OGSÅ: Passiv røyking verre enn bilforureining

Endring
– Dei fekk liva sine endra radikalt, det kom tydeleg fram under forsøket. Vi står overfor ein mogleg metode til behandling, og det neste skrittet blir å gjere denne tilgjengeleg for pasientane, seier legen og forskaren Andrew Clark.

– Men det kjem til å medføre store kostnader. Det gjeld både oppbygginga av behandlingsstader og produksjon av peanøtter som held ein tilstrekkeleg høg standard, legg Clark til overfor BBC.

Dei britiske forskarane understrekar at foreldre til born som er allergiske mot peanøtter, for all del ikkje må eksperimentere med pulverbehandling sjølv. Det trengst meir forsking før slik behandling kan takast i alminneleg bruk, blir det sagt.