Drøymer om klimaresultat

MITT LIV - MINE VAL: Politisk rådgjevar Jens Frølich Holte (28) har Abraham Lincoln og Winston Churchill som førebilete.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Begge var prinsippfaste, og var flinke til å snu motgang til medgang. Det er to sunne eigenskapar å ha med seg i politikken, slår Holte fast.

Holte er politisk rådgjevar i Klima og Miljødepartementet. Han har tidlegare jobba to år som rådgjevar for Høgre si stortingsgruppe. Som bakgrunn har han tatt mastergradar på London School of Economics og Norges Handelshøyskole, der studerte han økonomi og historie. Han har også lukta på journalistikkfaget sidan han har vore frilansjournalist og pressesjef for UKEN.

Kvifor vart du politikar ?

– Fordi eg ynskjer å skape eit betre samfunn. Eg valde Høgre fordi eg meiner partiet har ideane som fører til nettopp dette. Så enkelt, og så vanskeleg. eg ynskjer å skape et betre samfunn. Eg valde Høyre fordi eg meiner partiet har ideane som fører til nettopp dette. Så enkelt, så vanskelig.

Inspirert av musikk
Han er ein av dei yngste i regjeringsapparatet og blir inspirert av velskrivne tekstar og musikk med snert. Sjølv meiner han det er spanande å vere så ung politisk rådgjevar.

– Dagane går i eit. Det er mange dyktige menneske rundt oss, så me får jobba veldig effektivt. Sjølv om eg er ung, har eg fått mykje ansvar.

Kva drøymer du om vidare?

– Akkurat no drøymer eg om at regjeringa sit i mange år til. Og at me får opp tempoet i kutt av klimagassutslepp.

Kor er du om 10 år?

– Det veit eg ikkje. For ti år sidan hadde eg ikkje trudd at eg skulle jobbe med politikk på heiltid. Då såg  eg for meg at eg skulle jobbe i privat næringsliv.

Berekraftig vekst
Han sto i matbutikken då telefonen med spørsmålet om han ville stille som politisk rådgjevar kom.  Noko som utan tvil vart høgdepunktet i karrieren så langt.

– Eg sa ja på flekken, det vart litt av ein handletur.

Kva er hjartesaka di?

– Å skape eit samfunn med berekraftig vekst. Då kan både vi og våre barnebarn få gode og trygge liv.

Kva er det som påverkar dei vala me gjer?

– I utgangspunktet trur eg det er enkeltmennesket sine draumar og ambisjonar som formar liva våre. Korleis me vel draumar og ambisjonar er eg meir usikker på, men familie og venner har veldig stor påverknad, seier Holte.

Han trur forventingane dei rundt oss har kan utgjere forskjellen mellom å lukkast, eller ikkje å lukkast.

Kva skjer no framover?

– 2014 blir eit veldig spanande år. Me skal feire at Grunnlova er 200 år. Det er eit fantastisk dokument, som er sjølve grunnlaget for nasjonen Noreg.

– I tillegg skjer det mykje i klimapolitikken. Skal me kutte i utsleppa, treng me handling no. Regjeringa skal gjere det meir lønnsamt å vere miljøvennleg, slik at fleire kan gjere "grøne" val. Seinare i år skal eg til New York og Lima i Peru, og følgje dei internasjonale klimaforhandlingane. Det blir nervepirrande, rundt 190 land skal bli samde om korleis verda kan redusere klimagassutsleppa.

Les saka i Magasinett!