SV vil ha fleire polutsal
SV støttar framlegget til regjeringa om fleire opningsdagar for Vinmonopolet, men meiner det er viktigare å leggje til rette for pol i kvar kommune.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Kvar kommune, sitt pol, seier SV-representanten Heikki Eidsvoll Holmås til NTB. Han meiner Vinmonopolet bør vere til stades i alle dei kommunane som ønskjer det.
LES OGSÅ: Vil teste ut «vinminipol»
24 mils polferd
– Regjeringa sviktar distriktsbefolkninga når dei ikkje legg opp til det. Det er ikkje nok å betre tilbodet til dei som tingar via nett og hentar på Posten, seier han.
I Gamvik i Finnmark er det 24 mil til det næraste polutsalet. Det blir som om folk på Frogner måtte til Gol for å kjøpe seg ei flaske vin, legg han til.
LES OGSÅ: Vil behalde Vinmonopolet
– Skeivt ut frå start
Holmås seier SV sluttar opp om framlegget frå regjeringa om å tillate Vinmonopolet å halde ope på julaftan, nyttårsaftan, påskeaftan, pinseaftan og valdagane.
– Vi har gjort framlegg om dette sjølve. Men Siv Jensen og Bent Høie kjem skeivt ut frå start. Ved å ikkje involvere partane i arbeidslivet tidleg i prosessen, har dei klart å hisse på seg dei som skal sørgje for at Vinmonopolet kan halde ope desse dagane, seier han.