Blåbærtomatar er i kjømda

I framtida kan lilla «blåbærtomatar» bli ein viktig ingrediens i ulike næringsmiddel, håpar britiske forskarar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 23.10.2017 14:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Blåbærtomatane kjem

Den første avlinga av dei genmanipulerte tomatane, som er dyrka i Canada, har blitt pressa til juice og skal snart sendast til England, fortel BBC.

LES OGSÅ: Lurt å ete tytebær til feit mat

1.200 liter ny tomatjuice
Tomatane har fått same stoffa i skalet som blåbær. Forskarane håpar at dei på sikt skal kunne brukast i alt frå pizza til ketsjup, skriv Lantbrukets affärstidning.

Pigmentet antocyanin er ein antioksidant som ser ut til å gunstig helseeffekt. I dyreforsøk skal han til og med ha vore effektivt mot kreft.

Gentomaten er utvikla i Storbritannia, men på grunn av gmo-restriksjonane i EU har dyrkinga gått føre seg i drivhus i Ontario i Canada.

Om lag 1.200 liter juice skal no sendast til Norwich i England, der forskarane skal halde fram med granskingane sine av korleis eigenskapane til tomaten best skal brukast.

LES OGSÅ: Denne maten gjer deg glad