Her er nokre av nyheitene som har prega den siste veka.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Opptøyar i Pakistan etter tidlegare statsminister vart arrestert
Det har vore store opptøyar i Pakistan dei siste dagane, etter at landets tidlegare statsminister blei pågripen tysdag.
Imran Khan var statsminister i landet mellom 2018 og 2022. Han måtte gå av etter mistillitsforslag.
Khan har blitt tiltalt for mellom anna korrupsjon, og skal ha blitt tatt av paramilitære styrkar i samband med at han skulle møte i retten, skriv VG.
NTB meldte onsdag at Khan skal vere varetektsfengsla i åtte dagar. Han har erklært seg «ikkje skuldig.»
Ifølgje BBC er åtte menneske drepne i opptøyane mellom tilhengjarar og sikkerheitsstyrkane. Over 1000 demonstrantar skal vere arresterte, og internett og sosiale medium er stengt av i delar av landet.
Pakistans høgsterett meiner arrestasjonen av statsministeren var ulovleg, ifølgje Reuters.
Trump kjent skuldig i overgrep
Den tidlegare presidenten i USA Donald Trump må betale 5 millionar dollar, som svarar til om lag 52 millionar kroner, i oppreising til skribenten E. Jean Carroll. Ho har skulda han for valdtekt og ærekrenking i eit sivilt søksmål.
Juryen er komen fram til at Trump er skuldig i seksuelt overgrep og ærekrenking, men ikkje valdtekt.
Trump sin stab har uttalt at han vil anke avgjerda. På si eiga sosiale medium-plattform Truth Social skriv ekspresidenten at han ikkje har noka aning om kven denne kvinna er og at han er utsett for tidenes største heksejakt, melder VG.
Carrol saksøkte Trump for å ha valdteke ho i eit prøverom i New York på 1990-talet, og for skuldingar om å lyge då ho fortalde om hendinga.
Revidert nasjonalbudsjett vart lagt fram
Torsdag la regjeringa fram sitt forslag til revidert nasjonalbudsjett. Dei legg opp til å bruke meir frå Oljefondet enn det som blei lagt fram i budsjettet i fjor haust.
I det reviderte budsjettet reknar dei at prisane i Noreg vil stige med 5,4 prosent i staden for 2,8 prosent. Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) vil difor brukte 56 milliardar kroner ekstra frå Statens pensjonsfond utland, kjent som Oljefondet.
– Målet er å gjere kvardagen litt betre for folk. Vi tek ansvar for at kommunane og dei som driv grunnleggjande velferdstenester, som eldreomsorg, skule, politi og sjukehus, blir kompenserte for dei høge prisane, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) ifølgje NTB.
Det er mellom anna føreslått meir pengar til pensjon, trygd og Ukraina-tiltak.
Den auka oljepengebruken kan igjen gi auka inflasjon og deretter auka renter.
Russevideo blir politietterforska
Det har blitt spreidd fleire videoar av russ med seksuelt innhald i sosiale medium.
Fleire norske medium har omtala videoane. VG skriv at fleirtalet av videoane syner unge som er nakne og gjer utfordringar. Oralsex og nakenbryting er blant innhaldet, ifølgje NRK.
No har politiet oppretta sak etter deling av ein russevideo og vil undersøkje om det har skjedd noko straffbart.
– Det er oppretta ei undersøkingssak etter at vi har blitt kjent med ein av dei omtala russevideoane. Politiet har oppretta sak på bakgrunn av tips, fortalde politiadvokat Torkel Tjørhom Fandrem tysdag.
Torsdag blei det kjent at saka vil bli etterforska av politiet i Møre og Romsdal, etter at det er avdekt kvar videoen er frå.
Ifølgje TV 2 er fleire av videoane ikkje frå årets russekull.
Deling av bilete kan bli straffa med bot eller fengsel på inntil eitt år.
✨Lyspunkt✨: Koalabjørnar blir vaksinerte
Australske forskarar skal vaksinere koalabjørnar mot klamydia. I nokre delar av Australia kan så mange som 90 prosent av alle koalabjørnar vere smitta, skriv GE.
Klamydia er ein sjukdom som blir spreidd gjennom nærkontakt med slimhinner. Det er òg mogeleg for babykoalaar å bli smitta, og sjukdommen kan vere dødeleg for dei små bjørnane. I nyare tid har talet koalabjørnar gått jamt nedover. I fjor vart dei erklært utryddingstruga av australske styresmakter.
Etter vaksinasjonen blir koalaane slopne fri igjen.
Vil du få vekas viktigaste rett i innboksen? Abonner på nyheitsbrevet vårt!