Grønt lys for Jærbanen

Regjeringa vil gå vidare med planlegginga av Jærbanen.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Passasjertala på Jærbanen mellom Stavanger og Sandnes har stadig auka.

Folkeveksten og transportveksten i Stavangerområdet dei komande åra gjer det naudsynt å uvikla Jærbanen vidare. Det er difor viktig med eit høgt tempo i planlegginga. Regjeringa vil derfor be Jernbaneverket om å utarbeida kommunedelplan for strekninga Sandnes – Nærbø, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding.   

Jernbaneverket skal ta fatt på denne oppgåva i 2014. Arbeidet med kommunedelplan er viktig for å leggja rammene for framtidig bustads- og næringsutvikling ved knutepunkta på strekninga Sandnes – Nærbø.

Ved å starte planlegginga no, vil Samferdselsdepartementet ha eit godt grunnlag for å vurdera denne banestrekninga i samband med framlegginga av Nasjonal transportplan 2018-2027. 

Samferdselsdepartementet vil ta stilling til vidare arbeid med strekninga Nærbø – Egersund når arbeidet med kommunedelplanen på strekninga Sandnes – Nærbø har kome eit godt stykke vidare. Dette planarbeidet vil gi viktige innspel for den framtidige utviklinga av togtilbodet sør for Nærbø.