Moderhysteriet

Det var først då eg ikkje såg fosteret på Facebook at eg skjønte kor gale det var blitt.

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg skjønte ikkje kor langt det var gått før eg fekk det store sjokket. Ei bekjent av meg var gravid. I sjuande månad. Og eg hadde ikkje visst det før då. Eg hadde snakka med henne relativt jamleg, men ikkje om svært personlege ting. Ho hadde ikkje lagt ut eit einaste magebilete på Facebook. Ikkje ein ultralyd. Ikkje ein status om det kommande barnet. Då eg fekk vite det var det fordi ein felles ven snakka om fødselspermisjonen ho skulle ut i. Eg lurte på om han tulla, det ville ha vore typisk han, å finne på at nokon var gravid, berre på faen. Sidan det å gratulere nokon som ikkje er gravid med graviditeten sjeldan er svært populært, bestemte eg meg for å sjå situasjonen an, for å sjå korleis ho oppførte seg, i tilfelle det kunne gje noko hint om situasjonen.

Då eg trefte henne eit par dagar seinare tykte eg ikkje ho såg særskilt gravid ut, men ho drakk ikkje alkohol, det var ein fest, så eg satsa og stotra fram eit «gratulerer». Ho takka. Det er jo fantastisk, sa eg. Ja, og litt ekkelt, svarte ho. Og så lo vi begge to. Det var superfint.

Her var altså ei som hadde vore gravid i sju månadar utan å utbasunere det til heile verda. Det var ei openbaring. Då eg hadde kome over sjokket blei eg slått av kor vand eg er med at fostera blir meldt inn på Facebook. Det har alltid slått meg som litt hysterisk å få medlemskap i bustadbyggingslag i dåpsgåve, men å få likes frå sædcelle møtte eggcelle er å dra det vel langt. Frå spor av nytt liv dokumenterer så mange mødrer dei vesle nurka sine liv, at det nærast er blitt ei norm. Ultralydbilete og sirleg dokumentasjon av dei vaksande magane. Alt skal feirast, moderskapet er her, hallais, alle saman, sjå på oss (eller var det meg?).

Eg har alltid tenkt at det var noko dobbeltmoralsk i det, iallfall i dei mest ekstreme tilfella: Eg har venninner som aldri legger ut bilete av seg sjølv, og som knapt toler at andre gjer det. Men barna sine har dei dokumentert frå dei var ein celleklump. Alle desse bileta av nurka vert gjerne akkompagnert av generiske plakatar som går frå vegg til vegg, der kvar mor annonserer korleis nett denne mora vil elske sitt vesle barn til det døyr, alltid stille opp for det og aldri svikte, mor er ein for alltid, barnet er det ein mest elskar på jord. Eg har sukka på mi side av veven, men aldri sagt frå om det.

Medan eg har sukka har likevel denne håplause åtferda snike seg inn og blitt ein slags normal, til og med i mitt medvit. Eg skal ikkje vere meir surmaga enn at eg unner mødrer og blivande mødrer å gle seg litt på Facebook, for det er sikkert nok drit i kvardagen med bekkenløysing, rivning, reinsing, bæsjebleiar, skriking, kolikk, trassalder, osb. Då er det sikkert fint å kunne lime inn dei beste bileta av krapyla/kroppen med krapyla i, i vårt alles felles fotoalbum. Den slags redigering av liva våre driv vi vel alle med, mødrer eller ei. Problemet er vel strengt tatt ikkje at alle moglege vanlege folk postar eit og anna bilete av ein tilsynelatande veloppdragen sjarmør i sin beste stund, men det at eg er blitt vand med at bra damer profilerer seg som mødrer ovanfor heile verda så snart dei har blitt befrukta. Det er gått så langt, som ei annan venninne sa, at ho vert mistenksam om ho høyrer at nokon er gravide eller har barn, utan at det er synleg på Facebook.

Mistenksam for kva då, kan ein spørje seg. Venninna mi trekte på det. For det første lurer ein jo på om det er sant, om dei verkeleg har barn, om ein ikkje kan få det bekrefta på Facebook. Også lurer ein jo på kvifor det ikkje står noko der. Ein kunne jo tru at dei ikkje var så glade for det, for barna eller for graviditeten, sa ho. Der har vi det, tenkte eg. Dei som ikkje skrik ut si store glede og deler ein milliard bilete på veven, dei er ikkje glade nok. Facebook er ikkje berre blitt ein arena der vi får bekrefta våre val, vi må òg prove at vi går inn i moderskapet på rett vis, med tilstrekkeleg entusiasme, at vi gler oss, at vi er overlukkelege. Å bli mor er ikkje lenger ei personleg sak, det er ein kollektiv prosess, der kvinna berre blir mor med andre kvinande kvinner rundt seg. Dei som ikkje vil stå midt i klangen, framstår som suspekt, som potensielt motviljuge, vanskelege mødrer. Det er mistenksamt, er det lett for å tenkje. Facebook har fått mange av oss til å gløyme at graviditet for mange først og fremst er privat.

Slik kan ein jo ikkje ha det. Derfor elskar eg ho dama som eg ikkje visste var gravid. Ho som sa at det var litt ekkelt. For sjølv om det ikkje er slik ein kan skrive på Facebook, så kan eg tenke meg at det kan vere litt ekkelt, å gå med eit lite menneske inne i seg. Litt ekkelt, og skummelt, og absurd, og eg veit ikkje kva. Og eg må innrømme at eg likte at ho sa det til meg. Eg vil heller ha to ærlege ord om korleis det er å vere gravid, enn tusen sminka sjølvbedragerske statusoppdateringar. Derfor slår eg eit slag for det private, for samtalar folk imellom, og for å ikkje la oss rive med av monstermorkulten på Facebook.

I kvinnekoret på Facebook kan ein bli leia til å tru at graviditet og morskap er ein (svært offentleg) rosa draum, og at det er det største og beste som skjer ein, og at ein er unormal om ein vil halde det privat, om ein ikkje er overlukkeleg heile tida, om ein synst det er rart, skummelt eller ekkelt.

Det er ein sjølvsagt ikkje. Forskjellege undersøkingar har forskjellege tal på det, men det finst ei rekke foreldre (og blant dei kvinner) som elskar barna sine, men angrar på at dei har fått dei. Kvifor angrar dei? Fordi økonomien, arbeidskapasiteten og kroppen og livet generelt kan bli radikalt endra når ein får barn. Kanskje følte dei seg pressa. Kanskje trudde dei at moderskapet ville vere annleis. Dei som angrar er rett nok ikkje i fleirtal men dei finst, og kanskje viktigare, blant alle dei som er svært glade for å ha barna sine finst det nok ein heil haug med mødrer og fedrer som av og til er utslitne og drita lei alt saman – sjølv om dei ikkje skriv det på Facebook.
No er det likevel slik at dei som ikkje får barn oftare angrar på det enn dei som får det. Eg er sjølv open for ein dag å gro eit lite menneske i magen, men skal eg setje i gang eit slikt prosjekt vil eg gjerne å eit realistisk bilete av korleis det påverkar livet mitt, og ikkje basere avgjersla på rosa propaganda. Det syns eg trass alt er mest rettvist for det eventuelle barnet òg.

Vonleg tør eg å snakke med nokon, å spørje korleis det verkeleg er. Om eg er heldig får eg svar frå nokon så ærlege som min gravide bekjente. Heilt sikkert veit ein vel uansett ikkje før ein er det. Kanskje er det ekkelt, kanskje er det fantastisk. Høgst sannsynleg er det vel ein blanding.

Som mor mi plar seie det: Å få barn var både gøyare og meir slitsamt enn eg hadde trudd.

Eg tippar det er sanninga. Som vanleg er ho sjeldan å finne på Facebook.
 

Først publisert på Magasinett.