Ap kan køyre over regjeringa ved jordbruksbrot
Forskar: Ap sit med jokeren.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ap kan køyre over regjeringa
Arbeidarpartiet har tradisjonelt stemt for regjeringsforslaget ved brot i jordbruksoppgjeret, også i opposisjon. No opnar partiet for å køyre over regjeringa dersom det blir forhandlingsbrot til våren.
Aps landbrukspolitiske talsperson, Knut Storberget, understrekar overfor Nationen at det er så viktig for partiet med auka inntekter i landbruket, at tilbodet frå regjeringa vil kunne bli overkøyrt i Stortinget.
– Eg kan ikkje leggje skjul på at det for Ap er viktigare og viktigare å få til ein inntektsauke i jordbruket, seier Storberget til avisa.
44 prosent av dei spurde i ei måling i Nationen måndag svarte at dei forventar eit brot i årets jordbruksforhandlingar, noko som vert støtta av fleire ekspertar.
Seniorforskar Reidar Almås ved Norsk senter for bygdeforskning meiner Ap sit med jokeren dersom jordbruksforhandlingane skulle ende med brot.
– Dersom statsråden kjem med eit så dårleg tilbod under forhandlingane at det blir brot og det går til Stortinget, er spørsmålet om Venstre og KrF vil stemme mot. Dersom dei gjer det, sit Arbeidarpartiet med jokeren, og det kan bli regjeringskrise. Ap har brukt å seie at det ikkje vil stemme mot eit tilbod frå staten sjølv om det er avvist av partane, av omsyn til avtaleinstituttet. Derfor blir det spennande å sjå om Storberget vil bryte med det Ap har sagt tidlegare og få med seg partiet på å stemme mot, seier Almås. (©NPK)