Nettbutikk sel «russehijab»
Nettbutikken ChillAbaya har spesialisert seg på russeeffektar til muslimar under namnet «Multiruss» og sel blant anna hijab for russ.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Her kjem «russehijaben»
På nettsida til butikken står det at dei er «stolte over å ha laget verdens første masseproduserte russehijab».
– Vi håper på positive reaksjonar, men reknar med litt av kvart. Sidan vi er først ute med dette, så må vi rekne med blanda kritikk. Men vi har prøvd å unngå alle formar for klovneri, seier dagleg leiar Anders Kanten til NRK.
I tillegg til russehijabar tilbyr nettbutikken strykemerke med kristne og islamske symbol, i tillegg til ein eigen dusk til russehijaben.
– Konklusjonen vår er at om ein er imot russehijab, så er ein også gjerne imot integrering. Slike menneske vil ha andre meiningar enn oss uansett. Vi gir med dette eit tilbod til dei stadig fleire andregenerasjonsinnvandrarane, som kanskje manglar alternativ i klesvegen, seier Kanten. (©NPK)