Lakserømming meldt til politiet
Fiskeridirektoratet har meldt oppdrettsselskapet Marine Harvest til politiet etter lakserømminga i Nord-Trøndelag under uvêret Hilde.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi har kome til at det er sannsynleg at straffbare forhold er årsak til rømminga, og finn grunn til å tru at Marine Harvest har brote akvakulturlova, seier regiondirektør Ståle Hansen i Fiskeridirektoratet til Dagens Næringsliv.
LES OGSÅ: Usamde om faren ved oppdrettslaks
Spørsmål ved løyvet
Direktoratet har undersøkt saka etter at 60.000 laks rømde frå anlegget Slokkholmen Aust utanfor Leka. Ein fôrflåte kom i drift og øydela delar av nota på ei oppdrettsmerd.
Hansen vil ikkje gå nærare inn på kva som gjer at dei mistenkjer brot på lova. Men etter det avisa kjenner til står årsaka til at flåten kom i drift sentralt i etterforskinga. Det blir også stilt spørsmål ved om Marine Harvest hadde alle løyve i orden for oppdrettsanlegget.