Fleire syklar om vinteren

Viss du skor sykkelen godt og kler deg rett, er ikkje snø og kuldegrader noko problem, meiner dei som har prøvd.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik skor du sykkelen rett

– Sykkelbruken stuper som vanleg etter haustferien, men me ser stadig fleire på to hjul om vinteren. Sykling har fått eit generelt oppsving dei siste åra, og folk utvidar sesongen, seier Hulda Tronstad i Syklistenes Landsforening til Newswire.

– For berre nokre år sidan var piggdekk til sykkelen noko du måtte spesialbestille eller berre fekk i einskilde butikkar. No er dei å få tak i svært mange stader, seier Tronstad.

Nokre trillar gjennom vinteren for å halda seg i form, sykling blir sett på som eit lågterskeltilbod for betre helse. Andre vil spara tid i staden for å stå i bilkø.

For både sportsbutikkar og Biltema har sykkelutstyr blitt eit heilårsprodukt. Salet av sykkelpiggdekk auka med 46 prosent hos Biltema siste år.

– Hugs at nye piggdekk bør syklast inn på asfalt, gjerne fire-fem mil. Då vil piggane sitja betre etterpå. Bruk noko mindre lufttrykk i dekka enn du bruker til vanleg, slik at kontakten med underlaget blir større, seier Næss.

LES OGSÅ: Ingen parti er sykkelparti

Eigen vintersykkel
Har du sykkel til mange tusen kroner, bør du kanskje la han bli ståande inne dei neste månadene.

– Ein del vel å halda seg med eigen, rimeleg vintersykkel. Det blir salta mykje i Noreg, noko som er bra for høva til å sykla, men ikkje nødvendigvis for sykkelen. Behovet for reingjering aukar. Til dømes kan behovet for byte av krank melde seg oftare, seier Eirik Næss i Biltema til Newswire.

Han tilrår òg å utstyra sykkelen med godt lys. Faktisk er det påbode med lys viss du syklar i mørket eller i dårleg sikt. Lyktene, eit kvitt eller gult framme og eit raudt bak, skal kunne sjåast på 300 meters avstand.

Det løner seg òg å verna seg mot fukt.

– Er du vann til å sykla utan skjermar om sommaren, vil du oppdaga at dei har ein viktig funksjon vinterstid. Skoovertrekk like så, for vått fottøy blir ein fort kald av, seier Næss.

Monterer du heildekkande skjerm, kan du òg vurdera å hengja på ein skvettlapp nedst.

LES OGSÅ: Sykkelen er ein døropnar

Betre forhold
Tilrettelegginga for vintersykling varierer rundt omkring i landet, ifølgje Syklistenes Landsforening. Men i år har fleire tiltak vakt merksemd. I Alta har innbyggjarane fått kommunal støtte til sykkelpiggdekk. Same ordning har Kristiansand kommune slått seg på fram til jul.

I Stavanger har ein sett seg ambisiøse mål i år.

– Me har som mål at hovudsykkelrutene, 11 stykk, skal vera brøytt og strødd før klokka seks om morgonen i vinter, seier leiar for sykkelsatsinga i kommunen, Roar Børresen til Newswire.

Statens vegvesen har ansvaret for riksvegane. For eitt år sidan formulerte dei ein ny standard som slår fast at det ikkje skal liggja laus snø og slaps på gang- og sykkelvegar som dei har ansvaret for.

Nytt frå i år er at riksvegnettet i bystrok skal ha berre gong- og sykkelvegar, og at strøsanden på desse skal fjernast viss snø og slaps forsvinn i løpet av vinteren.