Hundrevis av sjøløver døydde av fugleinfluensa i Peru

585 sjøløver og 55.000 fuglar har døydd av fugleinfluensa i Peru dei siste vekene.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei døde dyra er funne i til saman åtte verna kystområde i det søramerikanske landet, opplyser det nasjonale miljøverndirektoratet.

Over 55.000 fuglar er registrerte døde som følgje av smitteutbrotet, blant dei både pelikanar, måsar og pingvinar.

Men også 585 sjøløver er funne døde, og folk blir oppmoda om å unngå kontakt med sjøløver og -fuglar langs strendene.

Det er sjeldan at fugleinfluensa smittar vidare til pattedyr, og endå sjeldnare at menneske blir smitta av det potensielt dødelege viruset. Men viruset har nyleg vorte funne i både rev og oter i Storbritannia, kattar i Frankrike og grizzlybjørn i USA. Det er grunn til å tru at dyra hadde ete smitta fuglar.


Les også: Skjelpadda Jonathan feira 190 år – verdas eldste land-dyr

Skjelpadda Jonathan ved plantasjehuset til guvernøren på St. Helena.
Foto: Kevstan, CC BY-SA 4.0 via Wikimedia Commons