Verdas eldste land-dyr fylte 190 år

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Jonathan» er ei landskjelpadde som bur på øya St. Helena i det sørlege Atlanterhavet.

5. desember fylte Jonathan 190 år. Han er det eldste landdyret vi veit om som framleis er i live. Han er av arten aldabrakjempeskjelpadde. Den forventa levetida til desse dyra er 150 år.

Jonathan er 120 centimeter lang. Han er blind og manglar luktesans. Han har levd mesteparten av livet på plantasjen til guvernøren på St. Helena. Jonathan er også avbilda på 5 pence-myntane på St. Helena.

Bursdagen til Jonathan vart feira på øya over tre dagar.

Skjelpadda Jonathan kom til St. Helena då han var 50 år.
Foto: Kevstan, CC BY-SA 4.0 via Wikimedia Commons

Jonathan har vanskeleg for å tygge, og må difor bli mata for hand av den einaste veterinæren på St. Helena.

Nokre dyr i sjøen kan verte langt eldre. Mellom anna har ein funne ein hai av typen håkjerring som er mellom 272 og 512 år gammal. Tidlegare har ein også funne ein musling som var 507 år gammal då han døydde i 2006.


Les også: Denne skjelpadda har to hovud – og to personlegdomar som kranglar

Dyrepassar Angelica Bourgoin held Janus, skjelpadda med to hovud, under feiringa av 25-årsdagen hans 3. september 2022. Foto: Salvatore Di Nolfi/Keystone via AP