Forfattaren skulle gjerne sett Stranger Things-stjerna i rolla som gitarspelande tenåring.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 13.02.2023 08:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skyggefødt hadde blitt ein bra skrekkfilm, kanskje med Charlie Heaton (Jonathan Byers i Stranger Things) i hovudrolla som Jon, for han kan spela gitar på ordentleg.

Forfattar Jan Tore Noreng har rekt å gje ut åtte bøker, og om ei av dei skulle verta film hadde valet falle på grøssaren frå 2014.

Skyggefødt følgjer fire ungdommar på flukt som finn husrom i ein nedlagt gard. Men det viser seg at det allereie bur noko der, i skuggane.

Hundrevis av bøker

Forfattaren frå Bardufoss i Troms debuterte i 2011 med barneboka Dødens skole. I 2016 fekk han Uprisen for ungdomsromanen #Alfahann.

I desse dagar er han bokaktuell med ungdomsromanen Gangster, tredje boka i Gutta-serien.

Nereng les sjølv endelaust med barne- og ungdomsbøker, for akkurat no er han medlem av Vurderingsutvalet for barne- og ungdomslitteratur i Kulturrådet.

Det blir mykje! Hundrevis! Har byrja å lytta på lydbøker, for å få litt vaksenlitteratur inn.

Me har teke ein kikk i bokhylla til forfattaren.

Jan Tore Noreng er lettrørt og gret av nesten alle bøker med litt kjensler i.

 Lydbok i grillhytta, jacuzzien og bilen

På nattbordet til Jan Tore Noreng ligg det ikkje særleg mange bøker, fordi han heller les andre stader. Lydbøkene går ned på høgkant i grillhytta, i jacuzzien eller i bilen.

– Kva bøker les du helst?

– Eg likar alt frå krim og thrillerar, til samtidslitteratur.

Fantasy-draum

Som liten høyrde han gjerne på høyrespel på radioen og i tenåra var det bøkene til Saabye Christensen, og Insektsommer av Knut Faldbakken, som gjorde inntrykk.

– Kva bok skulle du ynskja du hadde skrive?

– Harry Potter, sjølvsagt. Eller Ringenes Herre, for då hadde eg vore rik 🙂

Jan Tore Noreng skulle gjerne ha skrive J.K. Rowling sine bøker om Harry Potter.

Bøker som festar seg

– Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?

 Skrekk og moderne fantasybøkene til Clive Barker.

–  Kva meiner du gjer ei bok god?

Får lesaren til å føla noko, og ei som ikkje så fort forsvinn ut av hovudet, gjerne fordi du ikkje heilt forstår ho.

Jan Tore Noreng kjenner seg att i Ingvar Ambjørnsen sin populære karakter Elling, her spelt av Per Christian Ellefsen. Foto: Foto: Virra Dahl/Maipo Film&TV-produksjon

– Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Kjenner igjen litt i forskjellige karakterar, både Elling, Harry Hole og Nagel i Hamsuns Mysterier.

Atwood og Hamsun

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Margaret Atwood.

Forfattar Margaret Atwood. Foto: Mark Hill/Flickr

– Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Knut Hamsun.


Poet Priya Bains. Foto: Baard Henriksen/Forlaget Oktober

Jan Tore Nordeng

Alder: 54

Frå: Oppvaksen på Bardufoss, Indre Troms

Utdanning: Lærarutdanning

Yrke: Forfattar