Rekordmange unge får hjelp til bustadkjøp
– Klasseskiljet har auka, seier Idar Kreutzer i Finans Norge.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Klasseskiljet har auka
Tal frå Finans Norges Husholdningsundersøkelse viser at meir enn 40 prosent av bustadkjøparane under 40 år no får økonomisk hjelp av familien. Det er ei dobling sidan kravet om eigenkapital ved bustadkjøp blei introdusert i 2010 og stramma ytterlegare inn i 2011, skriv Dagens Næringsliv.
– Vi har karakterisert dette som eit klasseskilje i bustadmarknaden. Doblinga av talet på dei som svarer at dei har fått økonomisk hjelp av familien, bekreftar dessverre at dette klasseskiljet har auka, seier toppsjef Idar Kreutzer i Finans Norge.
I Oslo svarer halvparten av bustadkjøparane at familien har stilt opp. Ein av fire spurte får meir enn ein halv million kroner.
LES OGSÅ: Stadig fleire eig for å leige ut
Administrerande direktør Christian V. Dreyer i Eiendomsmeglerforetakenes Forening er ikkje overraska over tala.
– For dei som ikkje får hjelp heimanfrå, er det stadig vanskelegare å komme seg inn på bustadmarknaden. Vi ser mindre etterspørsel etter førstegongsbustader fordi delar av marknaden vert tvinga over i leigemarknaden, seier han. (©NPK)
Kva meiner du bør gjerast for at fleire skal få råd til å kjøpa eigen bustad?