Framleis éin prosent i bistand
KrF og Venstre er vorte einige med regjeringspartia om å auke miljøavgifter og framleis gje ein prosent i bistand.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I den nye regjeringa sitt første forslag til statsbudsjett ville dei nytte mindre enn éin prosent av brutto nasjonalnasjonalinntekt (BNI) til bistand. Noko som fekk både veljarar og organisasjonar til å reagere.
LES OGSÅ: Meir til oljeutvinning
Veljarmotstand
Det opphavlege kuttet var på 0,01 prosent, over 280 millionar. 40 millioner mindre i regionbevillingar til Afrika, 41 millionar mindre til Latin-Amerika og 40 millionar mindre til organisasjonar som arbeider i utviklingsland kalla Redd Barna, Kirkens Nødhjelp og Norsk Folkehjelp uakseptabelt.
Generalsekretær i Redd Barna Tove R. Wang var svært kritisk og oppmoda difor partia på Stortinget til å stemme mot forslaget.
Ei undersøking mellom veljarane synte at heile sju av ti høgreveljarar var mot regjeringa sitt forslag til bistandskutt, nokre meinte til og med at ein burde auke bistanden.
LES OGSÅ: Droppar studiestøtte i 11 månadar
Kroneflytting
Både Venstre og KrF er nøgde med mellom anna å ha fått bistanden tilbake på 1 prosent.
– For KrF har det vore viktig å gje statsbudsjettet ein betre sosial profil, både nasjonalt og internasjonalt. Som eit av verdas rikaste land kan ikkje Noreg kutte i støtta til verdas fattigaste, sa Knut Arild Hareide i ei pressemelding. Venstre kritiserte det førre budsjettforslaget for mellom anna for manglande kollektivsatsing og at 11 måneders studiestøtte, som var ein del av det raudgrøne budsjettet, skulle kuttast.
I denne vekas forhandlingar har sentrumspartia lukkast med å flytte på 2,2 milliardar i statsbudsjettet for 2014, litt over halvparten av den summen dei gjekk inn for å omprioritere.
– Det me er mest nøgd med i budsjettforslaget er den store jernbanesatsinga, sa Venstre-leiar Trine Skei Grande under pressekonferansen.
Heile 750 millionar er sett av til jernbaneutbetring i Noreg. Av desse pengane er 250 teke frå Frp sitt vegbudsjett, 400 millionar er sett av til vedlikehald og 100 millionar til Inter-City-utgreiing.
I tillegg har Venstre lukkast med å auke miljøavgifter og skattar med ein milliard.
LES OGSÅ: – Gir med den eine handa og tek med den andre
Nokre punkt frå det blå budsjett for 2014:
• 750 millionar til jernbane
• 250 millionar mindre til tunnelvedlikehald
• Ikkje kutt i pressestøtta, som først varsla
• NRK-lisensen vert 45 kr dyrare
• Ikkje kutt i Statens Kunstnarstipend på 15 millionar, som først varsla
• 15 millionar meir til trusopplæring
• 100 nye øyremerka stipendiatstillingar (31 millionar)
• Droppar kuttet på 5 millionar i støtten til miljøvernorganisasjonar
• Auka kontantstøtte for eittåringar til 199 mill årleg
• 70 millionar mindre til departementa
• 16 millionar meir til psykisk helse
• 20 millionar meir til frivillige organisasjonar mot rus
• 15 millionar meir til barn av rusavhengige