WWF etterlyser «Parisavtale» for naturen 

Den 7. desember samlast landa i verda for å bli samde om ein ny, global naturavtale. Naturavtalen skal setje mål for perioden 2020–2030.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi må få på plass ein eigen «Parisavtale» for naturen som sørgjer for at vi stoppar og reverserer den dramatiske utviklinga allereie innan 2030, seier generalsekretær i WWF Verdsnaturfondet, Karoline Andaur i ein pressemelding.

Fleire uroa for tap av natur

Verda er i ei global naturkrise. Bestandar av ville dyr i snitt har vorte sterkt redusert og menneske har påverka 75 prosent av landjorda i stor grad. Ein tredel av skogane i verda er borte, éin million artar av plantar og dyr er trua av utrydding. Havet er overfiska, fylt av plast og vert surare.

Ei ny undersøking gjennomført av WWF, viser at stadig fleire er bekymra for det raske tapet av natur. Andelen har auka til nesten 60 prosent, ein auke på 10 prosent sidan 2018. I tillegg viser undersøkinga at natur- og klimakrisa er sett på som det viktigaste politikkområdet for folk.

Skog tilsvarande éi fotballbane forsvinn kvart andre sekund. På bildet: Avskoging i Amazonas, delstaten Porto Velho, Rondonia. Foto: Andre Dib / WWF-Brazil / NPK

Vil halvere det globale fotavtrykket

WWF skriv at ein ambisiøs naturavtale bør innehalde eit mål om å halvere det globale fotavtrykket.

90 prosent av naturtap og om lag 50 prosent av klimagassutslepp skuldast menneskeleg produksjon og forbruk.

Det må også verte sett eit mål om å bevare minst 30 prosent av lands- og havområde innan 2030 og forvalte resterande berekraftig. I tillegg skriv dei at det må det komme på plass finansiering og ein sterk implementeringsmekanisme som sørgjer for at forpliktingane som blir inngåtte vert omsette til reell politisk handling.

– Heldigvis ser vi at folk blir meir merksame på den akutte naturkrisa vi er i, og at stadig fleire krev politisk handling, seier Andaur.


Austleg låglands-gorilla har hatt ein nedgong på 80 prosent mellom 1994 og 2019. Foto: Johnny Africa/Unsplash.