– Sårbart å miste språket sitt

Skodespelar Jakob Oftebro meiner vi nordmenn er naive som tek det skandinaviske språket for gitt. Ein ny plattform skal gjere forståinga betre for dagens unge.

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er så mykje bra kultur norsk ungdom ikkje får med seg, om dei ikkje lærer svensk og dansk, seier skodespelar Jakob Oftebro. Han meiner det er veldig viktig at ungdom i Skandinavia lærer seg grannespråka, og var tidligare denne veka med på å lansere den nye undervisningsplattforma – Norden i skolen.

Oftebro er høgaktuell med den svensk-danske samproduksjonen «Broen II»og norske «Lillyhammer». Han er også med i den danske storsatsinga «1864» med premiere neste år. Med å kome frå Oslo, bu i København og ha ei syster i Sverige, lever han med alle dei skandinaviske språka.

– Då eg flytta til Danmark tala eg norsk til danskane, som den naive nordmannen eg er. Men folk svara meg på engelsk. Det var starten på ein vond prosess med å legge om til dansk, forklarar Oftebro.

Han skildrar det å miste språket sitt som eit sårbar prosess.

– Når du legg frå deg morsmålet ditt for å lære eit nytt språk, mistar du mykje. Det å kunne fortelje ein vits og skaffe seg vokabular til å gjere seg forstått, var noko av det vanskelegaste, seier Oftebro til Framtida.no.

LES OGSÅ: – Ikkje gje opp å snakke norsk

Treng å snakke saman
Skodespelaren skulle ynskje han hadde hatt noko som Norden i skolen i sin prosess med å lære dansk, og i eigne skuledagar. Den nye portalen skal styrke undervisninga i grannespråka dansk, norsk og svensk, slik at det skal vera mogeleg å forstå kvarandre også i framtida. Portalen er utvikla av Foreningene Nordens Forbund, som er tilretteleggar for samarbeidet mellom foreiningane NORDEN i dei nordiske landa.

Noko av bakgrunnen, er at undersøkingar har vist at språkforståinga mellom landa har gått ned dei siste åra.

– Kor mange svenske elevar har faktisk tala med ein nordmann? spurte prosjektleiar Thomas Henriksen ved lanseringa. Eit av hovudmåla til Norden i skolen er nett det å få elevar i Norden til å tale saman. Noko det er lagt opp til gjennom høve til å skaffe vennskapsklassar og eigen chat-funksjon.

– Mange elevar har enten hatt for lite undervisning i grannespråka eller ikkje hatt det i det heile, forklarar Hendriksen fram og understrekar behovet for portalen.

LES OGSÅ: – Ganske likt norsk

Spel og høyr
Norden i skolen kan elevane mellom anna spele spel som Plaff der ein skyt ned ord frå eit nordisk språk, og Norden rundt med spørsmål frå områda ein rørar seg – frå Færøyane til Finnmark.

– Spørsmålet vert lese opp på språket der ein er, også på nynorsk for å vera politisk korrekte, sa Henriksen i sin gjennomgang av portalen.

Ein kan møte tema som mangfald, vennskap, løgn og sanning, på alle originalspråka. Men litt om teksten og forfattaren får ein på sitt eige språk – om det er svensk, nynorsk, bokmål eller dansk. I tekstane er også mange ord markert med grønt, peikarar på ord til ei heilt ny ordliste, der ein både kan lese og høyre orda. 

– Ein får høyre ordet i ein setning, noko som er veldig viktig i lytteforståinga, forklara Henriksen.

Språkhistoria får ein også lære – frå danske runeinnskrifter til det jamstillingsvedtaket i 1907, lest opp av Arne Torp.

QUIZ: Test dansk- og svenskkunnskapane dine her!

Eksport og identitet
Jakob Oftebro meiner felles språkforståing er viktig, mellom anna med tanke på kultur som eksportvare. Eit område han peikar på at svenskane og danskane har leia, men at Noreg kjem etter til dømes med Lillyhammer.

For eksport av også norsk kultur er viktig.

– Mange danskar høyrer ikkje forskjell på norsk og dansk, eg trur det er fordi dei rett og slett ikkje høyrer norsk.

– Vi er ikkje så store kvar for oss, men til saman er vi 20 millionar. Med å satse på tvers vert marknaden mykje større, derfor er det å satse på tvers kjempeviktig. Eg tek det gjerne opp med kollegaane mine: han veit vi ikkje kvar kjem frå, han treng ikkje vera dansk, få inn ein norsk skodespelar. Det vert litt meir internasjonalt med ein gong.

Men han meiner også språkforståinga er viktig for den felles identiteten i Norden.

– Som nordmann i Skandinavia får eg høyre at Noreg er berre dyrt og at ingen drikk. Slikt er trist.

QUIZ: Kan du «Íslenska»?

Hardare diskusjonar på dansk
I dag talar han dansk flytande, men det tok lang tid å verte trygg i språket. Undervegs har han mellom anna høyrt på dansk musikk, og sett på debattar og sin generasjons Barne-TV.

– Det er slikt alle veit, og som skil deg som innvandrar frå dei som har budd der alltid, seier han til Framtida.no.

Han føler seg også heime i heile Skandinavia, der Oslo er barndomsbyen og København alltid gjev noko nytt. Og nokre ting er betre på dansk:– Det er betre å banne på dansk, det har ein annan botn. Og så kan diskusjonane vera betre, det er meir lov til å verte uvenner for så å verte venner at, og det er jo produktivt, avsluttar han.

LES OGSÅ: – Sosiale medium øydelegg språket

Sjå skjermdump frå Norden i skolen under:

Faktaboks

Norden i skolen
– Gratis undervisningsportal for alle elevar i Norden.
– Har som mål å styrke undervisninga i grannespråka dansk, norsk og svensk, slik at ein kan snakke saman også i framtida.
– Tilpassa undervisningsopplegg frå 3. klasse til og med vidaregåande.
– Utvikla av Foreningene Nordens Forbund i samarbeid med dei nasjonale NORDEN foreingane, med støtte frå Nordisk Språkkoordinasjon, Nordisk Kulturfond, Nordplus Språk, Språkrådet i Noreg, A. P. Møllers fond og Nordisk Ministerråd.

Gå til Norden i skolen!