Sjå komet-krasjen med sola

SOHO-teleskopet filma dei siste minuttane til kometen.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kometar stammar frå den ytste delen av solsystemet vårt, frå Kuiperbeltet. Kometar blir av og til skildra som skitne snøballar, fordi dei hovudsakleg er sett saman av is av vatn og CO2 i tillegg til steinmateriale.

Denne kometen var ifølgje Videnskab.dk eit medlem av Kreutz-familien, som er ein familie av mindre kometer, som er danna av restane frå ein veldig stor komet, som braut frå kvarandre for fleire hundre år sidan.

LES OGSÅ:Han har gjort verdsrommet kult igjen

Denne familien av kometar fekk namnet sitt fråden tyske astronomen Heinrich Kreutz. Kvar dag er det fleire Kreutz-fragment som passerer Sola, brekk i fleire bitar og fordampar. Dei fleste av stykka er berre få meter på tvers, men desse er for små til at dei kan sjåast frå Jorda.  Men nokre gonger kjem større fragment som denne tett på Sola og skaper eit flott show.

Dei siste minuttane til denne kometen blei fanga av SOHO-satellitten som observerer Sola frå rommet 24 timar i døgnet. Kometen er lettast å sjå når LASCO-instrumentet blir brukt. Dette instrumentet lagar ei falsk solformørking, noko som gjer det mogleg å sjå omgjevnadene til sola utan at ein blir blenda av sollyset.

LES OGSÅ:– Her er det størst sjanse for liv

QUIZ: Kva veit du om verdsrommet?

Video: LASCO/SOHO