– Her er det størst sjansen for liv

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her kan folk bu

 

Forskarar har lenge meint at det finst eit enormt hav under isoverflata til Europa, og nyare undersøkingar tyder på at islaget er tynnare enn ein har trudd før.  I mars fann amerikanske forskarar teikn på at havet rett og slett er saltvatn, og at det er gode sjansar for at vatnet når opp til overflata gjennom sprekker i isen.

– Europa er det staden i solsystemet vårt, utanom Jorda, der det er størst sannsyn for å finna liv i dag. Eit landingsoppdrag vil vera den beste framgangsmåten for å sjå etter teikn til liv, seier hovudforfatter Robert Pappalardo til NASA, ifølgje NRK.no.

QUIZ: Kva veit du om verdsrommet?

Forskarane har kome fram til tre hovudmål for eit eventuelt landingsoppdrag:
• Å undersøkja overflata som ikkje er dekt av is på minst to ulike djupner for å studera samansetninga.

• Geofysisk kartlegging av Europa, målingar av islag og hav ved hjelp av seismologiske undersøkingar.

• Landa eit fartøy på Europa, slik at overflata kan undersøkjast i ein menneskeleg skala.

– Viss menneske ein dag sender ein robot til Europas overflate, må vi vita kva skal sjå etter og kva slags verktøy og instrument vi treng, seier Pappalardo.

LES OGSÅ: Han har gjort verdsrommet kult igjen

– Kan truleg bu der
Forskarane meiner det godt kan tenkjast at det kan gå an å bu på Europa. Det finst vatn der med nok kjemisk aktivitet, ei energikjelde og råmateriale for biosyntese.

«Den noverande vitskaplege innsikta vår tilseier at Europa truleg er mogleg å bu på i dag, og at den truleg har vore mogleg å bu på gjennom mesteparten av historia til solsystemet», heiter det i rapporten. 

Les fleire saker om verdsrommet her!