Vasking viktigare enn vi trur

Vi bør passe godt på å lufte, vaske og unngå fukt og mugg, er bodskapen i ein ny rapport frå Folkehelseinstituttet.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dårleg inneklima kan nemleg påverke skuleprestasjonar og arbeidsevne, gi mistrivsel, plager og i verste fall utløyse eller forverre sjukdom.

– Dette er kunnskap som har vore kjent i mange, mange år, men som det er viktig å minne om, seier seniorforskar Rune Becher ved Folkehelseinstituttet til Forskning.no.

Ifølgje rapporten kan inneklimaet påverke sjukdom og plager som irritasjon i hud og slimhinner, hovudverk, luftvegssjukdommar og allergiske reaksjonar i luftvegane.

Ulike undersøkingar tyder på at mellom 10 og 20 prosent av bustader, skular og andre bygningar har mugg- og fuktproblem, skriv Forskning.no. (©NPK)