– Skrur klokka 150 år tilbake

Nynorsk kultursentrum er kritisk til at regjeringa Solberg vil oppheve mållova.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– På nokre kritiske punkt er regjeringserklæringa meir nynorskvenleg enn venta, men dei vil oppløyse lov om målbruk i offentleg teneste. Eit så umoderne tiltak skrur klokka 150 år tilbake i språkpolitikken, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

Regjeringspartia vil endre lov om målbruk i offentleg teneste slik at alle tilsette i staten sjølve avgjer om dei vil skrive nynorsk eller bokmål. Fremjar regjeringa ei slik lovendring, reknar Grepstad med at eit breitt stortingsfleirtal vil avvise framlegget.

– Det er eit sunt og demokratisk prinsipp at folkevalde organ avgjer kva offentleg tilsette skal gjere. Offentleg tilsette arbeider på vegner av oss alle og skal ikkje vere privatpraktiserande byråkratar, seier Grepstad i ei pressemelding.

– Grunnregelen i mållova innførte Danmark alt i 1850-åra i grenseområdet mot Tyskland og har vore norsk politikk i nesten 100 år. Regjeringspartia gjekk til val på nye idear, men hentar her fram ein forelda idé frå tidleg 1800-tal, seier Ottar Grepstad.

LES OGSÅ: Held på sidemål – droppar mållova

Overraskar om opplæringspolitikken
I regjeringserklæringa går Høgre og Fremskrittspartiet inn for å utgreie tiltak som kan forbetre opplæringa i nynorsk for bokmålsbrukarar.

– Begge partia har programfesta det dei kallar valfritt sidemål, men med denne erklæringa er den saka lagd død i nye fire år, seier Grepstad.

– Dei veit kva Kristeleg Folkeparti og Venstre meiner, men her har nok også solide miljø i partia gjort godt arbeid.

Direktøren i Nynorsk kultursentrum er positiv til at regjeringa vil utgreie opplæringa i nynorsk. – Ein sakleg og konstruktiv debatt om dette er vi gjerne med på, så sant grunnleggjande krav om språklege rettar og språkpolitiske prinsipp for jamstilling står fast.

LES OGSÅ: Slik vil dei endra Noreg

Innvandrarar treng betre opplæringstilbod i nynorsk
Regjeringspartia har forplikta seg til å styrkje både nynorsk og bokmål. Det meiner direktøren i Nynorsk kultursentrum må vise att også i innvandringspolitikken.

– Innvandrarar og flyktningar som buset seg i nynorskprega område, får eit dårlegare integreringstilbod enn dei som kjem til bokmålsområde. Når regjeringa er så oppteken av integrering, må dei sanneleg også sikre eit godt opplæringstilbod i nynorsk for dei mange nye innbyggjarane i landet, seier Grepstad.

Dette var eit av 21 punkt i den hundreårserklæringa om nynorskpolitikk som Nynorsk kultursentrum og Noregs Mållag la fram på 200-årsdagen for Ivar Aasen i august.

– Språkpolitikken må sjå lenger enn til språket
Rammevilkåra for bruk av nynorsk kan det neste tiåret bli meir påverka av folkeflytting og sentralisering enn av språk- og utdanningspolitiske tiltak, meiner Grepstad.

– Der bruken av nynorsk står sterkt, er det få som vel bort dette språket. Når folkeveksten stort sett kjem i område med lite bruk av nynorsk, blir det også relativt færre nynorskbrukarar i skulen. Nynorsk er faktisk blant dei hundre mest robuste språka i verda, og det ser ut til at jamt fleire i nærings- og arbeidsliv bruker nynorsk, seier Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.