Torleik Svelle gir seg som Senterungdom-leiar

Senterungdommen får ny leiar i november.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torleik Svelle tek ikkje attval når Senterungdommen skal ha landsmøte 18.-20. november.

26-åringen frå Saksumdal i Lillehammer har vore leiar sidan 2019.

På Facebook skriv Svelle at han har hatt verdas beste jobb dei siste tre åra, men at han no ynskjer å gje stafettpinnen vidare.

– Dette betyr ikkje at eg er ferdig med politikk, for kampen for levande bygder og nasjonal kontroll står kvar dag og han skal vi vinne, skriv Svelle.

Etter jul skal han vere vikar på Stortinget for partikollega Marit Knutsdatter Strand (30), som representerer Oppland og er første nestleiar i Utdannings- og forskingskomiteen.


Ungdomspartia. Kollasj: Framtida.no. Foto: Pressefoto/Proxima Studi/Canva