Desse filmane kan bli norske Oscar-kandidatar
Tre spelefilmar er på kortlista over dei norske Oscar-kandidatane i år. 26. september skal éin av dei sendast vidare til Oscar-komiteen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dei tre filmane er komediane «Alle hater Johan » og «Syk pike » , og det historiske dramaet «Krigsseileren» , skriv Norsk filminstitutt i ei pressemelding.
Dei to første filmane har allereie hatt norsk premiere, medan «Krigsseileren » har premiere kommande fredag. «Alle hater Johan » vann to Amanda-prisar i august, for beste originalmusikk og beste maske/sminke.
– Dette er tre filmar som den norske Oscarkomiteen meiner har særpreg og kan ha ei god moglegheit til å skilje seg ut i konkurransen om ein Oscar i kategorien beste internasjonale film, siger leiaren av Oscar-komiteen Kjersti Mo, direktør i Norsk filminstitutt.
Komiteen valde blant 23 norske filmar som passa innanfor reglementet til Oscar-akademiet. Produsentane og regissørane for dei tre skal no presentere planane sine for ein eventuell Oscar-kampanje.
I fjor nominerte Noreg «Verdens verste menneske » , som også hamna i den endelegen nominasjonslista i kategorien Beste framandspråklege film på Oscar-utdelinga, men utan å vinne prisen.
- Visste du at Lightyear vart stoppa i fleire land grunna lesbisk kyss: – Dei er idiotar, sa skodespelar Chris Evans
Få med deg filmmeldinga: Så jävla easy going – ikkje ein «feelgood» film