Bob Geldof blir første rockeastronaut

Den irske rockestjerna Bob Geldof begynner om få dagar førebuingane til å bli med på den første private romferda som skal gå neste år.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Blir første rockeastronaut

Det er selskapet Space Expedition Corporation (SXC) som håpar å sende 100 privatpersonar på ei ferd 100 kilometer ut i verdsrommet. Billettprisen er 100.000 dollar per person, tilsvarande 600.000 kroner, ifølgje den britiske kringkastinga BBC.

LES OGSÅ: Kina sender si første kvinne ut i rommet

Undertøysmodell i rommet
Andre som til no har meldt seg, er DJ Armin van Buuren og Victoria's Secret-modellen Doutzen Kroes

– Å bli første ire i verdsrommet er ikkje berre ei ære, men heilt fantastisk, seier Geldof.

– Den første rockeastronaut og romrotte! Elvis har kanskje forlate bygningen, men Bob Geldof vil ha forlate planeten! Heilt vilt! Kven ville trudd det skulle bli mogleg i mi levetid, legg han til.

LES OGSÅ: Sinte Star Trek-fans

Får vere andreflygar
Passasjerane skal etter planen reise i det privatbygde romskipet Lynx X2, som har ein cockpit med plass til to, og som derfor kan tilby passasjerane ei kort oppleving av å vere andreflygar på ferda.

Geldof begynner første treningsøkt for romferda i ein simulator i Nederland komande helg.