Kina sender si første kvinne til verdsrommet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Første kvinnelege taikonaut

Det er første gong at Kina sender ei kvinne til verdsrommet. Liu Yang er 33 år, og ho har den siste tida fått omfattande omtale i kinesiske media.

Romskipet vil ta av laurdag føremiddag frå ein base i Gobi-ørkenen. Det er fjerde gong at Kina sender ut eit bemanna romskip.

– Kvinner held oppe halve himmelen. Menneskelege romferder utan kvinner er ufullstendige, sa ei talskvinne for det kinesiske romfartsprogrammet i ein kommentar.

Både USA og det tidlegare Sovjetunionen har sendt ut romskip med kvinnelege astronautar og kosmonautar. (©NPK)

Les òg: Kvinnene motbeviser kjønnsmytene

Prøv vår quiz om verdsrommet!

Faktaboks

Taikonaut:

Taiko er det kinesiske ordet for verdsrommet,

Naut er det greske ordet for seglar.