Fleire vil ta lappen – stor pågang på oppkøyringstimar

Pågangen for å få førarkort er aukande. Samanlikna med før pandemien er det hittil i år allereie 10.000 fleire som ønskjer å ta lappen.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etterslepet av dei som ønskjer å ta førarkort etter pandemien, er unnagjort, men pågangen for oppkøyring er aukande.

Ventetida på oppkøyring varierer avhengig av kvar i landet ein er, men det kan fort gå fleire månader før ein ledig oppkøyringstime er tilgjengeleg, opplyser Statens vegvesen til NRK.

Påtroppande avdelingsdirektør Heidi-Kristin Herbst i Vegvesenet seier at det har vore ein auke i etterspurnaden etter førarprøver.

– Vi har lege på eit nivå på cirka 150.000 førarprøver i året. Hittil i år har dette stige med rundt 10.000 samanlikna med 2019, seier Herbst.

Vegvesenet utdanna før sommaren 50 nye sensorar, noko Herbst trur vil hjelpe på ventetida.


Åse Brekke Roe (27) er billakkerar. Ho er den første kvinnelege norgesmeisteren i faget, og har inspirert karakteren Hege frå Rådebank. Foto: Privat/Instagram @brbillakkering