Slik har stortingspartia stemt i studentsaker
Sjå korleis partia har prioritert studentpolitikken, og kva dei vil gjere i åra som kjem.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dette vil dei gjera for studentane
Elleve månaders studiestøtte:
Sosialistisk Venstreparti lova i partiprogrammet for 2009 til 2013 å utvida studiestøtta til elleve månader. Dei har konsekvent stemt mot forslag om å utvida studiestøtta i Stortinget sidan desember 2009.
I partiprogrammet for 2013 til 2017 vil SV arbeide for å starta opptrappinga av studiestøtta til 1,5 gonger grunnbeløpet i folketrygda i året (Omtrent 127 000 kroner per 1. mai 2013), fordele støtta over elleve månader i året.
Arbeidarpartiet lova i partiprogrammet for 2009 til 2013 å auke løyvingane og leggje om utbetalingsstrukturen for studielån, slik at studiefinansieringa betalast ut over elleve månader. Dei har konsekvent stemt mot forslaget om å utvida studiestøtta til elleve månader i Stortinget sidan desember 2009.
I partiprogrammet for 2013 til 2017 vil Arbeiderpartiet auke utdanningsstøtta gjennom Lånekassen og fordele utbetalingane over elleve månader. I tillegg vil dei innføra tolv månaders studiestøtte for studentar med born og auka forsørgjarstipend for dei med lågast inntekt.
Senterpartiet lova i partiprogrammet for 2009 til 2013 å innføre elleve månaders studiestøtte. Dei har konsekvent stemt mot forslaget om å utvide studiestøtta til elleve månader i Stortinget sidan desember 2009.
I partiprogrammet for 2013 til 2017 vil Senterpartiet først og fremst byggje fleire studentbustadar, men også på sikt innføre elleve månaders studiestøtte.
Kristeleg Folkeparti lova i partiprogrammet frå 2009 til 2013 å utvide studielånet til elleve månader i året. Dei har konsekvent stemt for forslaget om å utvide studiestøtta til elleve månader.
I partiprogrammet for 2013 til 2017 vil Kristeleg Folkeparti utvide studiestøtta til elleve månader i året, og tolv månader i året for studentar med born.
Venstre lova i partiprogrammet for 2009 til 2013 å auke løyvingane slik at studiestøtta kan utvidast til elleve månader i løpet av stortingsperioden. Venstre har konsekvent stemt for forslaget om å utvide studiestøtta til elleve månader sidan desember 2009.
I partiprogrammet for 2013 til 2017 vil Venstre prisregulere studiestøtta, og føreslå ei innfasing av elleve månaders studiestøtte.
Høgre lova i partiprogrammet for 2009 til 2013 å styrka høgare utdanning ved å utvide studiestøtta til å dekkje elleve månader av året. Dei har konsekvent stemt mot forslaget i Stortinget sidan desember 2009.
I partiprogrammet for 2013 til 2017 vil Høgre heve inntektstaket for studentar og regulere studiestøtta i tråd med prisveksten.
Framstegspartiet hadde ingen konkrete løfte om saka i partiprogrammet for 2009 til 2013. Dei har stemt både for og mot forslaget i Stortinget sidan desember 2009.
I partiprogrammet for 2013 til 2017 vil Fremskrittspartiet innføre elleve månaders studiestøtte.
LES OGSÅ: Studentar med born nedprioriterast
Utbygging av studentbustadar:
Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti har sidan 2010 stemt for løyvingar til å byggje om lag 1000 studentbustadar i året, men mot å endre kostnadsramma. I dag må studentsamskipnadane byggje til under 700 000 kroner per hybeleining, som gjer det vanskelegare å setje i gang nye prosjekt.
Sosialistisk Venstreparti har i programmet for perioden 2013 til 2017 lova å arbeide for at det byggjast minst 2000 studentbustadar årleg. SV vil også gjennomgå måten studentbustadane finansierast på, og seier at den statlege tilskotsdelen bør aukast.
Arbeidarpartiet har i programmet for perioden 2013 til 2017 sett 3000 studentbustadar i året som mål. Dei vil også heve kostnadsramma og auke det statlige tilskotet studentsamskipnadane får frå dagens 35 prosent til 50 prosent.
Senterpartiet har i programmet for perioden 2013 til 2017 sett minst 1500 nye studentbustadar årleg som mål.
Kristeleg Folkeparti stemte i 2012 for å byggje 2000 studentbustadar i året og å fjerne kostnadsramma, men i juni i år stemte dei mot å byggja 2000 nye studentbustadar.
Partiet har for perioden 2013 til 2017 sett 3000 nye studentbustadar i året som mål, og KrF vil også auke det statlege tilskotet til 50 prosent frå dagens 35. Kostnadsramma bør opp frå dagens 700 000 kroner per hybel til 850 000 i dei store byane og 750 000 kroner elles i landet.
Høgre har sidan 2013 stemt for å byggje 2000 studentbustadar i året, og har stemt for å oppheva kostnadsramma. I 2012 stemte dei mot å byggja 2000 nye studentbustadar i året, medan dei i 2010 og 2011 stemte mot å løyve pengar til 1000 studentbustadar det neste året. I 2009 stemte dei for å løyva pengar til 1000 nye studentbustadar det komande året.
Framstegspartiet og Venstre har sidan 2012 stemt for å byggja 2000 studentbustadari året, og har stemt for å oppheva kostnadsramma.
Venstre har i programmet for perioden 2013 til 2017 sett 2000 nye bustadar i året som mål, og at staten skal gje 50 prosent i tilskot.
Framstegspartiet går i same periode inn for å byggja 2000 studentbustadar i året, og å la private byggje studentbustadar på lik line med studentsamskipnadene.
LES OGSÅ: Over 14.500 i kø for studentbustad
Gradert sjukestipend for studentar:
Etter terrorhandlingane 22. juli var det innført ei mellombels ordning med gradert sjukestipend for studentar og elevar i studieåret 2011/2012. Denne ordninga er mellombels og gjeld for dei som er femti prosent eller meir sjukemeld, medan den vanlege ordninga berre gjeld for dei som er hundre prosent sjukemeldt. Forslaget handlar om å gjere ordninga med gradert sjukestipend permanent og gjeldande for alle studentar.
Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti har stemt mot å gjere gradert sjukestipend for studentar permanent. Dei har ingen løfter i partiprogrammet som direkte angår saka.
Sosialistisk Venstreparti hadde ingen konkrete løfte på området i førre stortingsperiode, og har heller ingenting konkret om det i partiprogrammet for 2013 til 2017.
Arbeidarpartiet hadde ingen konkrete løfte på området i førre stortingsperiode, men i partiprogrammet for 2013 til 2017 står det at dei vil utreda ei ny varig ordning for bruk av gradert sjukestipend for elevar og studentar.
Senterpartiet hadde ingen konkrete løfte på området i førre stortingsperiode, og har heller ingenting konkret om det i partiprogrammet for 2013 til 2017.
Kristeleg Folkeparti har stemt for å innføre gradert sjukestipend for studentar.
KrF hadde ingen konkrete løfter på området i førre stortingsperiode, og har heller ingen løfte i partiprogrammet for neste periode som direkte gjeld saka.
Venstre har stemt for å innføre gradert sjukestipend for studentar.
I partiprogrammet for førre stortingsperiode står det at Venstre ville lage ordningar som sikrar økonomien til langtidssjuke. I programmet for 2013 til 2017 vil partiet gjere ordninga med gradert sjukestipend for studentar permanent.
Høgre og Framstegspartiet har stemt både for og mot å innføre gradert sjukestipend for studentar. Dei har ingen løfte i partiprogrammet som direkte angår saka.
Høgre hadde ingen konkrete løfte på området i førre stortingsperiode, og har heller ingenting konkret om det i partiprogrammet for 2013 til 2017.
Framstegspartiet hadde ingen konkrete løfte på området i førre stortingsperiode, og har heller ingenting konkret om det i partiprogrammet for 2013 til 2017.
Dette svarar politikarane:
Audun Lysbakken (SV). Pressefoto: SV
Audun Lysbakken, SV
– Kvifor stemte de mot elleve månaders studiestøtte etter at de hadde lova det i partiprogrammet?
– For å kunne finansiera auke studiestøtte slik me lova i partiprogrammet var det naudsynt å auke skattenivået, og det klarte ikkje SV å få gjennomslag for åleine. Me har vore nøydd gjere nokre tøffe prioriteringar, og då fal valet på studentbustadar. Der har me innfridd løfta, og bygd mange fleire studentbustadar enn den borgarlege regjeringa gjorde.
– Kva vil de gjere for å betre studentvelferda?
– For SV er det viktig i den komande perioden å arbeide for kvalitet i den høgare utdanninga, der praksis er eit viktig tiltak. Fleire studentar må få tilbod om å nytta den kunnskapen dei har tileigna seg i praksis, til dømes gjennom å delta i forsking. Masteroppgåva frå NHH om skatt er eit godt døme på studentforsking som fekk nasjonal merksemd midt i valkampen.
Marianne Aasen i Ap. Pressefoto: Ap/Flickr
Marianne Aasen, Ap
– Kvifor stemte de mot elleve månaders studiestøtte etter at de hadde lova det i partiprogrammet?
– Me måtte prioritera, difor stemte me mot elleve månaders studiestøtte. Me meinte at studentbustader var viktigare sidan det er høge bustadprisar som er hovudårsaka til dårleg studentøkonomi. Me har dobla talet på bustadar i forhold til det talet var då dei borgarlege regjerte.
– Kvifor har de ikkje prioritert å auke studiestøtta?
– Andre ting er viktigare enn elleve månaders studiestøtte. Me kan sjå på måten studiestøtta blir fordelt over månadane, og få ei ekstra utbetaling, samt auke støtta. Men ein ekstra månad studiestøtte står ikkje i vårt program.
– Korleis skal studentane klara seg økonomisk når de ikkje vil utvida studiestøtta?
– Det er ikkje eit problem å jobba litt ved sida av studiane, det er snarare ofte ein fordel for studentane når dei skal ut i arbeidslivet, så lenge dei har jobba med noko som er relevant for studiane. Det kan bidra til eit nettverk som dei som berre nytta tida på lesesalen ikkje har, men det er viktig at dei ikkje fortrengjer det å fullføre studiane.
Kjersti Toppe i SV. Pressefoto: Lars Gjemble/SP/Flickr
Kjersti Toppe, Sp
– Kvifor stemte de mot elleve månaders studiestøtte etter at de hadde lova det i partiprogrammet?
– Me stemte mot fordi regjeringspartia hadde vorte einige om at bustadar var det mest prekære behovet. Som eit kompromiss har me prisregulert studiestøtta kvart år, som er meir enn den borgarlege regjeringa gjorde då dei var i posisjon.
– De lovar framleis elleve månaders studiestøtte i partiprogrammet. Kvifor skal me tru dykk no?
– Senterpartiet har programsett elleve månaders studiestøtte, der me går inn for ei omfordeling av dei månadlege beløpa. I tillegg vil me fortsetje prisreguleringa. Studentbustadar har høgast prioritet hjå oss.
– Senterpartiet er det partiet som lovar færrast nye studentbustadar. Kvifor det?
– Eg trur det blir litt sånn «tenk på eit tal» når partia fastset kor mange studentbustadar som skal byggjast. For Senterpartiet er det ikkje noko problem å byggja meir enn dei 1500 studentbustadane me har lova, men reint logikkmessig er det eit tal som er realistisk. Ein må ha i bakhovudet at det skal finst tomter til alle bustadane også.
Nestleiar i KrF Dagrun Eriksen. Pressefoto: KrF
Dagrun Eriksen, KrF
– Kvifor har Kristeleg Folkeparti vald å stemme for ei utviding til elleve månaders studiestøtte?
– Vi meiner det er utruleg viktig å prioritera økonomisk tryggleik for studentane. Det me har sett dei siste åra er at heiltidsstudenten er ein illusjon. Me meiner også at ei auke i studiestøtta vil skape tryggleik som verkar inn på psykisk helse.
– Kva vil de gjere for å betra studentvelferda?
– Me vil på sikt auke studiestøtta til to gonger folketrygdas grunnbeløp og utvida til elleve månaders studiestøtte. Me vil også satse på tolv månaders studiestøtte til studentar med born. I tillegg vil me auke kvalitetssatsinga på studiane og byggja 3000 nye studentbustadar i året.
– Kvifor skal ein stole på at studentane vil verte prioritert dersom KrF kjem i regjering?
– I regjeringa kan ikkje SV og Sp skulda på Ap. Dette var ei sak som alle dei tre partia var einige om, men som dei enda opp med å forhandla bort. Dersom me kjem i regjering har me ei større utfordring med Høgre fordi dei ikkje er like tydelege som oss i denne saka, og me er difor avhengig for å få nok kraft for å kunne gjennomføra dei løfta me ynskjer. Me meiner studentvelferd er ei investering i framtida.
Terje Breivik i Venstre. Foto: Bård Ek/ Venstre/ Flickr
Terje Breivik, Venstre
– Kva vil de gjere for å betra studentvelferda?
– Me går inn for elleve månaders studiestøtte og ei årleg prisregulering av studiestøtta. Dei som er opptatt av studentvelferd må syta for å gje Venstre styrke i ei regjering.
– Kva andre tiltak vil de satsa på?
– Det vert bygd 40 000 bustadar i året, og minst 2000 av dei må vere studentbustadar. Me må auke dei statlege bevillingane til bygging av studentbustadar og heve pristaket på 700 000 kroner per hybeleining. Eit alternativt tiltak kan vere å betra kollektivtransporten, til dømes med eit dobbelspor mellom Bergen og Voss, som ville gitt større tilgjenge til langt billige tomter.
– Kvifor skal ein lita på at de vil prioritera studentane om de kjem i regjering?
– Ser ein på våre alternative statsbudsjett er me meir måtehaldne enn ein del andre parti, som tyder at våre budsjett er realistiske å få ut i praksis. Når det gjeld dei raudgrøne var alle tre partia einige om eit løft i studentvelferda, men dei klarte å forhandla det vekk.
Svein Harberg i Høgre. Pressefoto: Høgre/Flickr
Svein Harberg, Høgre
– Kvifor har de stemt mot utviding av studiestøtta når de lova det i eige partiprogram?
– Eg kan ikkje hugse at denne saken har vore oppe til diskusjon medan eg har vore på Stortinget.
– Kvifor har de vald å ta dette bort frå partiprogrammet for neste stortingsperiode?
– Det stemmer at me og dei fleste andre partia hadde dette i programmet, men me har endra prioriteringar sidan det. No vil me heller satsa på å justere studiestøtta i tråd med kostnads- og lønnsvekst, auka privat-offentleg samarbeid når det kjem til bygging av studentbustadar og ha ein dialog med Norsk studentorganisasjon for å finne ut av kva som vil vere eit riktig nivå for studiestøtta.
– Kvifor skal ein lita på at studentane vert prioritert om Høgre kommer i regjering?
– Høgre prioriterer alltid høgare utdanning. Me vil fremma kompetanse og kvalitet i høgare utdanning. Det er tragisk at studentane har vorte offer i denne saka og det er ei trend som det er viktig å snu.
Tord Lien i Frp. Pressefoto: Reynir Johannesson/Frp/Flickr
Tord Lien, Frp
– Frp har stemt både for og mot utviding til 11 månaders studiestøtte. Kvifor det?
– Når ein ser på dei alternative statsbudsjetta som partia har lagt fram er det i realiteten berre to parti som har levert i denne saka og det er Venstre og Frp. Me har stemt mot forslaga om å smøre den same summen som studentane mottar no utover elleve månader, og det vil me fortsetje å gjere i neste periode også.
– Kva vil de gjere for betra studentvelferda?
– Me vil prioritere å gje studentane auka kjøpekraft. Målet er å auke den med ti prosent. Om den fortset å auke så lite som den har gjort under den raudgrøne regjeringa vil det ta fire hundre år å realisera det målet.
– Kva konkrete tiltak vil de satsa på?
– Me vil prioritere å attreise heiltidsstudenten og få fleire gjennom studieløpet på normert tid. Mange studentar vert tvungne til å jobbe ved sidan av og har gjerne arbeidstider som er ugunstige for studiane. Det vil løne seg å få fleire gjennom studieløpet på normert tid.