– Smak på maten før du serverer

Carina Loftheim Merieau tykkjer det er synd at ikkje fleire jenter er med i NM i kokkekunst.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag startar NM i kokkekunst, som vert arrangert under Den norske matfestivalen i Ålesund, her er berre to av dei tolv finalistane kvinner.

– Det har alltid vore slik, konstaterer Carina Loftheim Merieau.

Moldensaren kan ikkje kome på noko god forklaring på den låge kvinnedelen som hevdar seg i toppen.

LES OGSÅ: Uroa for kokkefaget

– Ut av kjøkenet
Norges Kokkemesteres Landsforening, som arrangerer NM, har merka seg den låge kvinnedelen og president Kristine H. Hartviksen meiner det kan vere på grunn av at mange kvinner er litt meir forsiktige med å stikke seg fram.

– No ser me at me har fleire kvinner på Dei norske kokkelandslaga, og det er veldig kjekt. Me vonar at det kan verke positivt inn, slik at fleire kvinner vågar å kome ut av kjøkenet og inn på konkurransearenaen, seier Hartviksen i ein e-post.

LES OGSÅ: Mattradisjonen som forsvann

Mykje trening
I vekene før NM vert det mykje trening. Annakvardag får kollegaane smake på det Merieau skal servere. Uttaket til NM føregår gjennom at interesserte sender inn bilete av rettane og oppskrifter på det dei vil lage. Råvarene er fastsette på førehand.

I år skal forretten innehalde minst 60 prosent klippfisk, kamskjel og minst eit mjølkeprodukt.

– Eg er veldig glad i fisk og sjømat, spesielt fordi me har så mange gode råvarer å ta av, fortel Merieau.

Vidare skal hovudretten innehalde 60 prosent svinenakke, storfekjake, yoghurt naturell og minst ein av grønsakene purre, peparrot og raudbetar.

Desserten skal innehalde mørk sjokolade, norske eple og ferskost.

LES OGSÅ: Nytt norsk kokkegull

Byrja med ein slikkepott
Alt må klaffe om det skal verte topplassering.

– Det er mange gode konkurrentar. Eg vonar jo sjølvsagt at eg vinn, men eg skal gjere mitt beste og vonar det vert ei god plassering, seier Merieau.

I norgesmeisterskapet, som går over to dagar, møter 26-åringen mest ung motstand. Elleve av tolv finalistar er mellom 19 og 30 år.

Dette er andre gong 26-åringen deltek i NM. Førre gong i 2011 lærte ho mykje om korleis det føregjekk, og ho slit ikkje med sceneskrekk.

– Publikum har ingenting å seie, eg er så konsentrert når eg er på kjøkenet.

Interessa for mat byrja tidleg då ho sat ved kjøkenbenken og såg på at foreldra laga mat. Høgdepunktet var å få slikkepotten etter at mor hadde laga kaker.

LES OGSÅ: Mat som kunst og konkurranse

Fransk draum
Etter å ha teke kokkelina på vidaregåande, fått fagbrev og arbeidd på «To rom og kjøkken» i Trondheim, vende ho nasen ut i verda.

– Eg fekk oppfylt ein draum då eg var eit år i Frankrike å jobba.

Mykje av den norske maten har sitt opphav i det franske. På ein restaurant på vestkysten fekk ho erfaring med andre grønsaker enn dei norske.

No er ho attende på «To rom og kjøkken» og på kjøkenet er det høgt tempo og mykje småeting, og nett det er eit tips kokken vil gje vidare til amatørkokkar.

– Mange lagar maten og serverer han utan å smake, det vert jo litt gambling.

Vidare meiner ho at det er viktig å våge å prøve ting, utforske og spørje dei som arbeider i ferskvaredisken om råd. Men nokre ingrediensar slår aldri feil i matlaging:

– Smør er alltid godt, både som smaksetjar og for å få god steikeskorpe.

– I tillegg er eg veldig glad i soyasaus, som passar til det meste av fisk og sjømat.