– God overleving etter fang og slepp

Å sleppe ut att laks er ikkje i strid med dyrevelferdslova – og gir god overleving, meiner forskarar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Overlever fang og slepp

Mindre oppgang av laks og sjøaure gir kortare fiskesesong, strengare kvotar og freding av hannlaks. Å setje ut att fisk er derfor ein praksis fiskarar og forvaltarar må innrette seg etter, skriv forskarar i ny kronikk.

– For pent handtert laks har vi 94– 97 prosent overleving etter fang og slepp og fram til gyting, seier forskar ved Norsk institutt for naturforskning, Eva B. Thorstad til NRK.

I juli i år innførte Miljødirektoratet ekstraordinære tiltak blant anna i fjordane i Vest Finnmark, fordi fangsten av laks denne sesongen har vore spesielt låg.

Dette har fleire stader i landet ført til innkorta fiskesesong, strengare kvotar og freding av hannlaks.

I ein kronikk skriv Thorstad saman med Stein Stensland, forskar ved universitet for miljø og biovitskap, at for å halde oppe fisket i regulerte elvar vil fang og slepp vere ei løysing.

LES OGSÅ: Betring for vill-laksen i fjor

Plage?
Likevel er det delte meiningar om fang og slepp blant fiskarar. Nokre meiner denne praksisen er i strid med dyrevelferdslova og kallar det for dyreplageri.

Dyrevernsalliansen gjekk førre veke ut med kritikk mot VM i flugefiske i Vefsn med bakgrunn i fang og slepp-fiske.

– Dyrevelferdslova seier at fiske skal utførast på ein dyrevelferdsmessig forsvarleg måte, og at fisken ikkje skal påførast unødige påkjenningar og belastningar. Det er klart at fisk kjenner smerte og stress når han blir fanga, og det er uetisk at enkeltfisk skal risikere å bli fanga gjentekne gonger, sa biolog Susanna Lybæk, som er vitskapeleg rådgjevar i Dyrevernalliansen til NRK.

Mattilsynet som forvaltar dyrevelferdslova påpeiker at så lenge fisket skjer på ein forsvarleg måte og at same fisk ikkje blir tatt opp mange gonger er utsetjingspraksisen forsvarleg. (©NPK)