Denne teikninga kan bli eit offisielt «I voted»-klistremerke i USA
– Dette er akkurat det vi føler om politikk akkurat no, seier valkommissær John Quigley.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sidan 2016 har amerikansk politikk verka usannsynleg dystopisk. Kuppforsøk, abort-forbod, våpenlobbyen, Amazon, for ikkje å snakke om den 45. presidenten.
Så då Ulster County i delstaten New York skulle arrangere ein konkurranse i å teikne eit nytt «Eg har røysta»-klistremerke, var det nesten uunngåeleg at det skulle gå som det gjekk.
14 år gamle Hudson Rowan teikna eit psykedelisk menneskehovud på ein edderkopp-kropp, og internett sa sånn kjennest det.
@toucannabanana gen z is more powerful tham we ever could have imagined #fyp #foryou #ulstercounty #newyork #ivoted ♬ original sound – Anna
– Det vi alle føler
I skrivande stund har teikninga fått over 155.000 røyster i den opne røystinga. Til samanlikning hadde fjorårets vinnar 500 røyster.
Den republikanske valkommissæren i Ulster County, John Quigley, er ikkje i tvil om at teikninga har treft ein nerve.
– Nokon tvitra «dette er det veljarane føler om politikk nett no», og eg syntest det var nesten den beste måten å oppsummere det på. Det er på ein måte akkurat det vi alle føler om politikk akkurat no, seier Quigley til Times Herald-Record.
Og det er fleire på Twitter som kan relatere seg til teikninga.
I’d vote illegally in Ulster County just to get this sticker. https://t.co/87d8H7Kk9K
— Ted Gideonse (@gideunz) July 10, 2022
The only election fraud worth committing is becoming an Ulster County poll worker just to steal the extra rolls of stickers. https://t.co/hAEcUcYJm0
— skateintraffic (@skateintraffic) July 11, 2022
This “I voted” sticker just won the competition in Ulster County and I am so here for 14-year-old leadership https://t.co/CGbFZge7J3
— Leslie Danks Burke (@LDanksBurke) July 6, 2022
Etter alt å døme blir altså dette klistremerket å sjå på brysta til røysteføre i Ulster til hausten. Nokre spekulerer i om det også kan gi ein ekstra boost til valdeltakinga i fylket.
We all laugh, but this sticker alone might unironically increase voter turnout in Ulster County. This is a gem of a collectible. https://t.co/fCQT4owOhj
— Ethan C7 (@ECaliberSeven) July 7, 2022
– Var kjedeleg
Kunstnaren sjølv, Hudson Rowan, seier til Times Herald-Record at han ikkje hadde venta å få så mykje merksemd.
Han fortel at han først teikna ein kladd av hovudet.
– Men den var ganske kjedeleg. Så eg bestemte meg for å gjere den ikkje-kjedeleg ved å legge til beina. Og så tok eg fargehjulet og la til ein heil del med fargar for å gjere den meir livlig og iaugefallande, seier han.
Konkurransen var open for elevar mellom 13 og 18 år. Vel eit dusin bidrag kom inn.
Les også: Didrik (24) var med å sikra Joe Biden sigeren: – Litt lettare å vere stolt amerikanar