To drepne og mange skadde då mann skaut folk på utestad der mange var samla for å feire Pride

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

To drepne og minst 19 menneske vart skadde og måtte få helsehjelp etter masseskytinga. Politiet opplyser at minst åtte av dei er frakta til sjukehus og at fleire av dei er skotne. Politiet etterforsker hendinga som eit terroråtak.

Politiet trur det berre var éin gjerningsperson. Natt til laurdag gjekk politiet til aksjon mot adresser knytt til mannen for å sjå etter eit mogleg motiv for hendinga, mellom anna bustaden til mannen i 40-åra.

I 6-tida laurdag morgon var krimteknikarane til politiet godt i gang med arbeidet på staden. Det vart sett ut markørar og søkt med hund. Fleire av politifolka hadde vore der heile natta.

– Skakande angrep

På London pub stod døra framleis på vidt gap, med regnbogefargane på flaggstonga over. Gata var full av glas-skar, og folk hadde sett opp små regnbogeflagg ved lyktestolpane.

– Skytinga utanfor London pub i Oslo i natt var eit forferdeleg og djupt skakande angrep på uskuldige menneske, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Skytinga starta i 1.15-tida då ein mann kom til utestaden Per på hjørnet utanfor Oslo tinghus. Der fortel vitne at han tok ut eit våpen frå ein bag og byrja å skyte. Politiet stadfestar at to personar vart drepne på utestaden. Politiet stadfestar til NTB også at det truleg var der skytinga starta.

Skotskader på utestaden Per på hjørnet, der to menneske blei drepne. Foto: Javad Parsa / NTB

Panikk og fortviling

Deretter gjekk mannen ned Rosenkrantz’ gate til puben London, som er ein viktig utestad for homofile. Fleire vitne fortel til NTB at pridefeirande pubgjester kasta seg ned på golvet i panikk då dei høyrde lyden av skot.

Kort tid etter at skytinga starta, sprang folk ut i gata i panikk og bad andre komme seg vekk frå området. Det vart fyrt av ei rekkje skot. Politiet har kontroll på to skytevåpen som vart brukte.

Klokka 1.19 vart mannen arrestert, ein arrestasjon som skjedde etter at han vart jaga nedover gata. Truleg har det også vorte skote på eit gatekjøkken like ved, opplyser innsatsleiaren til politiet.

– Vi har jobba ganske intensivt med å avklare om det var ein eller fleire gjerningsmenn. Per no er vi ganske sikre på at det var éin, seier innsatsleiaren til politiet Tore Barstad.

I timane som følgde, var det kaotisk på C.J. Hambros utanfor Oslo tinghus. Mange væpna politibetjentar heldt kontroll, medan andre frå politiet jobba på staden. Offera vart frakta vekk, og tilbake stod venner og nære som gret utrøysteleg i Oslo-natta.

Fleire gonger lydde det skriket frå folk i området.

Eit regnbogeflagg blir halde opp utanfor åstadane der ei rekke menneske blei skotne i Oslo natt til laurdag. Skytinga skjedde blant anna ved homsepuben London. Foto: Javad Parsa / NTB

Spontan regnbogemarkering

Etter ei lita stund byrja det å komme folk med regnbogeflagg i hendene. Fleire av dei kom frå Pride-markeringar andre stader i Oslo.

Ei gruppe på over 20 menneske vart ståande og vaie med regnbogeflagga i ei stille markering samtidig som gråtande menneske som hadde vore på utestadene, omfamna kvarandre i sjokk.

– Vi var på Pride-markering på Salt på andre sida av byen, vi kunne like så godt vore her, seier Morten Melle til NTB.

– Og den som skaut her, kunne like så godt vore på Salt, seier kameraten Sigmund Nilsen Myre.

Dei to har regnbogeflagg sminka på kinna og følte at dei måtte komme til åstaden.

– Det er for å vise vår støtte. Vi må vise at dei som gjer så forferdelege handlingar, ikkje skal få bestemme, seier Nilsen Myre.

Dei vil framleis markere pride laurdag.

– Eg er ikkje redd, eg er lei meg, det er berre trist, vi skal heve flagget endå høgare i morgon, det er det som er poenget med Pride, at vi ikkje skal leggje skjul på at ein kan elske den ein vil. Det er éin grunn til at vi feirar, ikkje berre for å vise den vi er, men også fordi vi veit at det er motstand i samfunnet, seier Nilsen Myre.

InnsatsleiarTore Barstad held pressebrifing etter masseskytinga. Foto: Javad M. Parsa / NTB

Massivt politiarbeid

Politiet kunne natt til laurdag ikkje seie noko om motivet til gjerningsmannen, og dei jobbar vidare på staden utover laurdagen.

– Vi er nøydde til å gjere mange tekniske undersøkingar på staden for å finne ut kva som har skjedd, og kva desse stakkars folka har opplevd, seier innsatsleiar Tore Barstad.

Oslo-politiet har sett stab og auka bemanninga. Dei har førebudd seg på eventuelle nye angrep, men seier dei er sikre på at det berre dreidde seg om éin gjerningsmann på utestadene.

– Vi må gjere vurderingar om vi skal gjere tiltak i samband med pride-arrangementet laurdag, seier Barstad.

Pride-leiinga har også sett krisestab etter masseskytinga.

Om lag 40 vitne og ramma var samla på Thon Hotel Rosenkrantz og vart avhøyrde av politiet. Mange av dei var til stades på utestadene.