Vann Uprisen 2022 for bok om angst

Juryen rosar Alexander Kielland Krag si bok Litt redd, bare som ekstra viktig og relevant fordi hovudpersonen er ein gut.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg vart skikkeleg overraska, for dette er ei bok om dei store kjenslene og om ein gut som ikkje har det så bra. Det er skikkeleg rart for meg å stå her med alle dykk, eg som vanlegvis sit heime i senga mi og skriv.

Det seier forfattar Alexander Kielland Krag i ei pressemelding. Torsdag fekk han Uprisen 2022 for boka Litt redd, bare.

Boka handlar om vidaregåandeeleven Cornelius, som opplever angst for første gong.

Alexander Kielland Krag tok imot prisen under eit arrangement i samband med Norsk Litteraturfestival. Foto: Vibeke Røgler/Foreningen !les.

– Normaliserer angst

Dei elleve juryklassane diskuterte i fire timar før dei vart samde om ein vinnar, og i grunngjevinga står det skrive:

«Mental helse er et tema som lenge har vært tabu. Når hovedpersonen i tillegg er en gutt, opplever vi boka som ekstra viktig og relevant. Hovedpersonen er ikke en person som står utenfor gjengen, han er en av gutta, og det normaliserer og gjør det lettere å forstå at hvem som helst kan ha angst.»

Tidlegare har Kielland Krag vore nominert til Kulturdepartementet sin litteraturpris for same bok.

Dei nominerte var:

  • Abnormium av Ida Kinden Jonassen, Kindex 2021
  • Den sorte bruden av Anne Elvedal, Cappelen Damm 2021
  • Litt redd, bare av Alexander Kielland Krag, Gyldendal 2021
  • Svarttrasta syng om natta av Tone E. Solheim, Samlaget 2021
  • Jente (17) ikke savnet av Camilla Helene Sandmo, Vigmostad & Bjørke 2021

Alexander Kielland Krag (28) debuterer denne våren med romanen Dette blir mellom oss. Foto: Presse/Skjermdump frå Instagram

Dette er årets juryklassar

  • Ås ungdomsskole (Viken)
  • Skien kulturskole (Vestfold og Telemark)
  • Høyland ungdomsskole (Rogaland)
  • Tromsø International School (Troms og Finnmark)
  • Børstad ungdomsskole (Innlandet)
  • Fillan ungdomsskole (Trøndelag)
  • Tokerud ungdomsskole (Oslo)
  • Havlimyra skole (Agder)
  • Grane barne- og ungdomsskole (Nordland)
  • Rå skole (Vestland)
  • Eide ungdomsskole (Møre og Romsdal)