Seks av ti unge manglar D-vitamin
Helsestyresmaktene er urolege over at norsk ungdom lir av underskot på vitamin D.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Over halvparten får for lite sol
Undersøkinga er gjennomført blant litt over 1.000 ungdommar i alderen 15 til 18 år i eit heilt skuleår. Ho viser at 60 prosent har mindre D-vitamin i blodet enn det styresmaktene rår til. 16 prosent av ungdommane har halvparten av det tilrådde nivået, skriv Aftenposten.
Førsteamanuensis Guri Grimnes ved Universitetet i Tromsø meiner resultata gjev grunn til uro. På sikt veit ein ikkje kva mangel på vitamin D kan føra til, meiner ho. Ei eldre norsk undersøking, frå 2010, kopla mangel på vitamin D med muskel- og skjelettsmerter, hovudverk og det å vera slapp.
Overlege Haakon E. Meyer ved Folkehelseinstituttet meiner det er grunn til å sjå nærmare på kvifor så mange ungdommar har for lågt D-vitaminnivå.
D-vitamin blir produsert naturleg i kroppen når ein er ute i sola. Om sommaren er 15 minutt nok. Men om vinteren må ein vera lenger ute i sola for å produsera same mengd vitamin D. D-vitamin finst mellom anna også i feit fisk, eggeplomme og kantarell. (©NPK)Les