Politikk for fantasifulle
Å engasjere seg politisk kan krevje ein solid dose fantasi.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kven er dei – flyktningane, dei eldre, sjukehuspasientane, asylsøkjarane, skuleelevane eller dei kriminelle? Politikk handlar om skjebnar av kjøt og blod, men kunne like gjerne handla om karakterar i ein roman, skriv skriv Videnskap.dk.
I ei undersøking har Aarhus universitet sett fokus på kva betyding fantasi har for å danne politiske haldningar. Resultata syner at dess betre fantasi ein har, dess lettare har ein for å engasjere seg politisk.
LES OGSÅ: Kvinner veit mindre om politikk enn menn
Sjeldan står vi andlet til andlet med politiske hendingar i dag. Heller handlar politikk om fjerne personar og hendingar, som vi møter gjennom avis og TV. Å forholde seg til politiske saker set dermed krav til fantasien vår.
I undersøkinga fann forskarane at dei fantasifulle ser klårare føre seg kven politiske diskusjonar handlar om, dei er meir emosjonelt engasjert, dei har klårare haldningar til politikk og dei følgjer i større grad opp ord med handling.
LES OGSÅ: Svolt rokkar ved din politiske ståstad