Uføretrygd går i arv

Barn med uføretrygda foreldre har lettare for å sjølve bli uføretrygda enn andre barn. Det viser ei ny undersøking. 

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studien frå Universitetet i Bergen viser at jo lenger eit barn bur heime med ein uføretrygda far eller mor, jo meir sannsynleg er det at barnet sjølv blir ein trygdemottakar, skriv Aftenposten.

– Sannsynet for å bli ufør ser ut til å bli påverka av dei sosiale normene som blir etablert i familiane, seier Øyvind Nilsen, professor ved Norges Handelshøyskole. Saman med professorane Espen Bratberg og Kjell Vaage står han bak den omfattande studien, der dei har undersøkt 258.000 far-og-barn-par og 289.000 mor-og-barn-par.

For alle barn er sjansen for å bli uføretrygda før ein fyller 40 år, 3 prosent for søner og 5 prosent for døtrer, viser undersøkinga. For barn som har ei uføretrygda mor eller far, aukar sjansen med ikkje mindre enn 29 prosent for søner og 21 prosent for døtrer.

Barn som var under 15 år da mor eller far vart uføretrygda, har 6,5 prosent større sjanse for å bli uføretrygda enn andre barn i same alder.

LES OGSÅ: Forskarar: – Arbeid for trygd verkar

Smitteeffekt
Fastlege Jørgen Skavlan seier til avisa at dette er ei stadfesting av det tidlegare forsking har vist.

– Det finst ein smitteeffekt i bruken av velferdsytingar som ser ut til å vere kopla til haldningar, moral og etikk, seier han. Skavlan trur at få foreldre medvite påverkar barna sine til å nytte seg av trygdesystemet, men at barna sjølve oppdagar moglegheita.

Samanlikna med andre land har Noreg relativt mange på uføretrygd. Nesten éin av ti i arbeidsfør alder her i landet er uføretrygda. 

LES OGSÅ: – Mange unge ville vore friskare i jobb