Ein av tre fryktar kriminalitet

Kvar tredje nordmann er redd for å bli utsett for kriminalitet, viser ei undersøking.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Undersøkinga, som YouGov har laga for forsikringsselskapet If, viser dessutan at 29 prosent av dei spurte vil ha væpna politi, skriv Dagsavisen.

28 prosent meiner det er akseptabelt med fleire overvakingskamera for å skape tryggleik for den enkelte. Berre ein del på 5 prosent vil ha meir liberale våpenreglar for private.

Av undersøkinga går det også fram at 17 prosent meiner Datalagringsdirektivet, som lar styresmaktene lagre meir informasjon om den enkelte, er akseptabelt.

Litt over kvar tredje spurte meiner at desse verkemidla ikkje er akseptable. (©NPK)

LES OGSÅ: Elevar skal lære meir om familievald