Colombia anerkjenner ikkje-binære
Colombia innfører ein tredje kjønnskategori i offentlege ID-papir.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Forfatningsdomstolen i Colombia slår fast at ikkje-binære må få velje ein tredje kjønnskategori i offentlege identifikasjonspapir.
Det skriv Agence France Presse (AFP) og El Colombiano.
Saka har komme opp etter at 40 år gamle Dani García Pulgarín i sommar bad om å få nye ID-dokument der kjønnskategorien anten stod tom, eller var markert berre med ein X.
Etter å ha fått avslag frå folkeregisteret, vende Pulgarín seg til forfatningsdomstolen (Corte Constitucional de Colombia) – ein domstol som tolkar grunnloven.
Fekk gjennomslag
Forfatningsdomstolen gav Pulgarín medhald.
Måndag førre veke kom domstolen med ei rettskjenning som krev at folkeregisteret innfører ein ikkje-binær kjønnskategori.
Domstolen krev også at regjeringa gjer det mogleg for folk å velje denne kategorien, med dei same garantiane som dei som identifiserer seg innanfor det binære.
Å introdusere ein ny kjønnskategori er eit første steg mot effektiv sosial deltaking, heiter det i rettskjenninga.
Ifølge den nasjonale statistikkavdelinga identifiserer 1,8 prosent av dei 36 millionar vaksne innbyggarane i Colombia seg som del av LHBTQ-samfunnet.