Toyota lagar månebil – håpar folk kan bu på månen innan 2040

Lunar Cruiser skal utforske månens overflate, og hjelpe folk busetje seg på månen.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tesla og Elon Musk er ikkje dei einaste som har eitt hjul i verdsrommet – no vil også Toyota utforske nye vegar. Det melder nyheitsbyrået AP News, som først omtalte saka.

Toyota har gått saman med romfartsbyrået i Japan for å utvikle eit køyretøy som skal utforske måneoverflata.

Ambisjonsnivået er høgt, for bilselskapet håpar å kunne bidra til at folk bur på månen innan 2040 og seinare på Mars, melder nyheitsbyrået.

Kvardagslege syssel på månen

Køyretøyet er under utvikling, og skal verte lansert seint på 2020-talet.

Lunar Cruiser skal gjere det mogeleg for folk å ete, arbeide, sove og kommunisere frå bilen på månen, akkurat som på jorda.

I tillegg skal Lunar Cruiser ha ein robotarm som kan fungere som ulike verktøy og ha ulike funksjonar, slik at han både kan inspisere og drive vedlikehald.

– Dette handlar om å ta våre bilar ein stad der dei aldri før har vore, seier Toyota-ingeniør Shinichiro Noda til AP News, og peikar på at månen kan vere ein verdifull ressurs for livet på jorda.


Innsida av kabinen
i romflyet SpaceshipTwo. (Foto: Virgin Galactic via AP)