Stortiget debatterer kriminalisering av doping
Måndag 3. juni legg regjeringa fram for Stortinget eit forslag om å forby det å skaffe seg, ha og å bruke visse dopingmiddel.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil gjera dette ulovleg
Da skal saka opp til førstegongsbehandling og debatt. Det kan også komme eit vedtak. Det er uvisst når Stortinget kan gjere eit endeleg vedtak.
Saka har vore på agendaen i ti– femten år. Regjeringa foreslår å endre legemiddellova slik at brot på den nye paragrafen blir straffa med bøter eller fengsel i inntil seks månader eller begge delar. I høyringsprosessen sist haust håpa stiftinga Antidoping Norge på at idretten ville gå inn for å kriminalisere dopingbruk. Slik vart det også.
– Eit forbod svarer godt til grunnverdiane til idretten på dette området og kan forsterke bodskapen om at doping ikkje høyrer heime i idrettsmiljøet, verken innanfor eller utanfor den organiserte idretten, sa idrettspresident Børre Rognlien.
LES OGSÅ: – Må satsa meir på førebygging
Gode grunnar for kriminalisering
– Det er mange gode grunner til å kriminalisere bruk av doping. Det er ein tydeleg bodskap frå det norske samfunnet om at vi ikkje ønskjer at særleg unge gutar skal bruke anabole steroid, sa dagleg leiar Anders Solheim i Antidoping Norge den gongen.
Regjeringa slutta seg til tilrådinga frå Helse- og omsorgsdepartementet i statsråd 22. mars. Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget hadde behandla saka ferdig 16. mai, same dagen som innstillinga til endinga av legemiddellova med eit utvida forbod mot dopingmiddel var klar.
Are Kalvø om doping: Men mistenkeleg er det jo