Nokon har bestemt seg. Slutt med det!

Er det ikkje ofte ganske tilfeldig kva du meiner og står for?

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hyllar folk som ombestemmer seg

Eg skal ikkje skrive om Munch-museet. Det må vere grenser for kor mykje folk flest orkar å lese om eit museum som ikkje finst i ein by dei ikkje bur i. Dessutan blir folk så sure når det er snakk om Munch-museet. Unntatt Carl I. Hagen. Han blir ikkje sur. Han har allereie vore sur i tretti år.

Så eg skal ikkje skrive om Munch-museet. Eg berre registrerer at dei no har blitt enige. Og grunnen til at dei har blitt enige, er at nokon har ombestemt seg. Det er i det heile tatt mange som har ombestemt seg mange gonger i denne saka. Og det er det er vil skrive om. Eg vil hylle folk som ombestemmer seg.

Det er lett å latterliggjere slike folk. Eg har sjølv gjort det, ofte. Det kan verke både rett og tøft å tenke: Ein skal stå for dei vala ein har tatt. Ein skal stå for det ein har sagt.

Vel.

For eit par veker sidan skulle eg til Moss. Ikkje spør. Då gjekk eg på feil tog. Skulle eg då stått for det valet eg hadde tatt, og blitt med dette toget til Kristiansand? Og så ringt vedkommande som stod og venta i Moss og sagt: «Eg tok eit val og stod for det»?

Om du er på ein fest der alle snakkar om ei bok, og så spør nokon deg om du har lese boka, og så svarer du ja, sjølv om du ikkje har lese boka. For slikt gjer folk av og til. Har eg høyrt. Då kan du sjølvsagt velje å stå for det du har sagt, og bli audmjuka når dei andre stiller kontrollspørsmål. Eller du kan redde deg ut av det med å seie at du høyrde feil. Eller at du berre har lese dei første tjue-tretti sidene av boka. Det går an. Så blir det god stemning og kvelden blir hyggelig. Og så er det dans.

Så kan du sjølvsagt seie at desse eksempla handlar om tilfeldigheiter og feil. Du kjem i skade for å skryte på deg ei bok. Du kjem i skade for å gå på feil tog. Det er noko anna med det du verkelig meiner og står for.

Men er det ikkje ofte ganske tilfeldig kva du meiner og står for? Vi kan ha ekstremt dårlige grunnar til å meine det vi meiner. Du held med eit fotballag livet ut fordi du tilfeldigvis kjem frå ein plass, eller – i endå meir patetiske tilfelle – fordi faren din kom frå ein plass. Grunnane til å meine ting om politiske tema, er ofte ikkje meir avanserte. Her er dei vanligaste grunnane til at eg meiner det eg meiner om aktuelle saker:

– Vennene mine meiner det.

– Ein del folk som eg ikkje liker trynet på, meiner noko anna.

– Det er lettare å vere morsom om du meiner dette.

– Dei eg vanligvis er enig med meiner dette.

– Det høyrest ut som noko eg burde meine.

– Og av og til, vanligvis når det er promille inne i bildet: Alle meiner noko anna, og det er litt kjedelig når alle er enige.

Når vi som regel står for ting vi meiner og val vi har tatt, så er ikkje det fordi vi er brennsikre på at vala var rette. Men når du har investert nok tid og krefter i noko, då skal det litt til å tenke at du eigentlig burde gjort noko heilt anna. Når du har brukt eit halvår og firehundretusen på å pusse opp huset, og du endelig står der og beundrar det ferdige verket, då sit det veldig langt inne å seie: «Eg synest ikkje det blei så fint.»

Det er sikkert ikkje så tilfeldig kva politikarar meiner om ting. Men kva politisk gruppering du hamnar i, kan vere veldig tilfeldig. Er det eit veldig godt antirasistisk miljø med bra konsertar ein plass, så kjem det trulig fleire antirasistar frå den plassen enn andre plassar. Er det eit spesielt kult Unge Høgre-miljø ein plass, så fostrar den plassen trulig over gjennomsnittlig mange Høgre-veljarar. Samfunnssynet ditt blir forma av kva saker som tilfeldigvis var oppe då du var i den mest lett påvirkelige alderen, kva grupperingar som fanst der du var i denne alderen, kven som hadde dei beste festane og dei beste folka då du studerte. Og så finn du din flokk og blir vant til å meine det same som flokken din meiner, og du tenker: Dette er den eg er. Dette er det eg står for. Og når du då nokre år seinare står der og er valt inn i kommunestyret for SV, då sit det veldig langt inne å seie: «Eigentlig liker eg KrF mykje betre.»

Eg seier ikkje at det er lett å ombestemme seg. Men vi kan godt gjere det oftare.

Det meiner eg verkelig. I alle fall i dag.


Først publisert i Aftenposten 1. juni.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!