Ap vann mai-målingane

Arbeidarpartiet voks 1,2 prosentpoeng frå april til mai. Dei blå-blå fall tilsvarande mykje.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gjennomsnittet av i alt ti nasjonale meiningsmålingar som vart publiserte i mai, og som Poll of polls har rekna ut, gir Ap ei oppslutning på 28,9 prosent. Det er opp frå 27,7 prosent i april og den største enkeltendringa frå førre månad blant alle partia.

Med 100 dagar igjen til valet er Høgre framleis det største partiet i landet med eit gjennomsnitt i mai på 31,8 prosent. Det er 0,8 prosentpoeng ned frå april.

Samtidig fell Framstegspartiet med 0,5 prosentpoeng frå førre månad til 16,0.

Med det hadde dei blå-blå fått fleirtal på Stortinget med 87 mandat ved eit val.

Dei raudgrøne hadde samla fått 38,1 prosent etter at SV fekk eit snitt i mai på 4,7 prosent (-0,3) og Senterpartiet 4,5 prosent (-0,3). Det hadde gitt 66 mandat.

KrF og Venstre ligg stabilt frå førre månad med eit snitt i mai på høvesvis 5,3 prosent (-0,2) og 4,7 prosent (+0,2). Det hadde gitt dei fire borgarlege partia ei samla oppslutning på 102 mandat dersom gjennomsnittet i mai hadde vore resultatet i eit stortingsval. (©NPK)

Les siste politisk nytt her!