Åtvarar mot høgt forbruk av smertepiller
Ny forsking viser at høgt forbruk av vanlege smertestillande tablettar aukar faren for infarkt, slag og død.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Aukar faren for infarkt, slag og død
Funna i forskingsprosjektet som er gjort ved universitetet i Oxford, er omtalte i det medisinske tidsskriftet The Lancet, skriv VG.
Ifølgje forskarane kan såkalla NSAID-ar auka faren for hjarteinfarkt, slag og til og med dødsfall med 33 prosent ved høgare dosar.
NSAID-ar inneheld stoff som ibuprofen, naproxen og diklofenat. Døme på medisinar som inneheld slike stoff, er kjende merke som Ibux, Brufen, Voltaren, Cataflam og Naproxen.
LES OGSÅ: – Paracet kan gi små barn astma
– Vi meiner at det er for høg bruk av desse tablettane. Eg meiner legar skriv ut for mykje av dei, og bør bli meir forsiktige, seier medisinsk fagdirektør i Legemiddelverket, Steinar Madsen.
Han seier dette er ei grundig og svært omfattande forsking som underbyggjer tidlegare undersøking av NSAID-tablettar. (©NPK)