Kripos: Barn og unge deler overgreps- og valdsvideoar for å hengje ut medelevar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Formålet med exposed-kontoar er å hengje ut andre. Omgrepet stammar frå engelsk og betyr å avsløre. Ifølgje Kripos kan konsekvensane for dei som blir hengde ut på slike kontoar, vere svært alvorlege.

– Vi ser at slike kontoar blir oppretta over heile landet. På desse kontoane blir det mellom anna delt nakenbilete- og videoar av barn, valdsvideoar og truslar, seier seksjonsleiar Lise Matheson ved Nasjonalt cyberkrimsenter (NC3) hos Kripos.

Har blitt grovare

Kripos har over tid registrert at ein aukande del av materialet som blir delt, har vorte grovare. Ein del av materialet som blir delt på exposed-kontoane, er seksualiserte bilete eller filmar som barn frivillig har produsert sjølv, og sendt til nokon dei kjenner. Bileta eller videoane har deretter blitt delte vidare.

– Deling av valdsvideoar og overgrepsmateriale er ulovleg. Politiet ser at barn som blir utsette for slik deling, slit med å gå på skulen eller gjennomføre skulearbeid, blir utsette for mobbing, mistar venner, får angst og lågt sjølvbilete, utviklar rusproblem og i verste fall prøver å ta sitt eige liv, seier Matheson.

Sosial status og pengar

Politiet ser at administratorane av exposed-kontoar er unge, nokon heilt ned i 11-årsalderen. Motivasjonen deira varierer, men auka sosial status og økonomisk gevinst gjennom å selje kontoen er blant motiva som går igjen.

Dei største kontoane har eit betydeleg tal følgjarar.


Illustrasjonsfoto:Javier Quiroga, Unsplash.com. Kollasj: Framtida.no