Norske ungdommar søv for lite

Norske ungdommar søv berre 6,5 timar i snitt på vekedagane. Det er nesten to timar mindre enn det dei sjølve meiner er nødvendig. Gutar legg seg vesentleg seinare enn jenter.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Så lite søv unge i Noreg

Ungdommane meiner sjølve dei treng 8 timar og 35 minutt søvn. Det viser resultat frå ein ny studie der over 10.000 ungdommar mellom 16 og 19 år i Hordaland har delteke. Studien er utført av eit forskarteam frå Bergen, skriv Forskning.no.

– Ei søvntid på mindre enn 6,5 timar i snitt på vekedagane er kortare enn i dei fleste andre studium, som er utført blant ungdom i denne aldersgruppa, seier postdoktor Mari Hysing og kollegaene hennar.

Ho er knytt til Uni Helse i Bergen, ei avdeling i forskingsselskapet Uni Research. Saman med forskarar frå Folkehelseinstituttet og Universitetet i Bergen står ho ansvarleg for studien om søvnvanskar.

Få timar i drøymeland på vekedagane bidreg i sin tur til at ungdommane forskyv døgnrytmen kraftig i helgane, med 4,5 timar. På kvardagane er gjennomsnittleg leggjetid klokka 23.18. Gutar legg seg derimot vesentleg seinare og er i snitt ikkje i seng før klokka 23.56. Jenter legg seg derimot klokka 23.10, viser studien.

– Om ungdom kunne klart å leggja seg litt tidlegare på vekedagane enn dei gjer i dag, og halvert den forskuva døgnrytmen i helgane ned til 2 timar, trur eg det ville hjelpt mykje. Det kan dei til dømes gjera ved å stå opp litt tidlegare på søndagen, slik at dei blir trøyttare på kvelden, seier Hysing.

Tidlegare forsking har vist at høvet til å spara opp søvn er svært avgrensa. (©NPK)