Det var noko som skjedde

Alltid er det nokon som skal øydelegge. Ofte er det folk som Rigmor Aasrud.

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Det gjekk så fint. Stoltenberg heldt tale for landsmøtet. Stemninga var god. Delegatane klappa. Stoltenberg snakka om at det kan vere visjonært å ikkje ha så mykje visjonar. Om at det kan vere fint å vere uspennande. At det ikkje er hans mål å vere underhaldande. Han selde inn Arbeidarpartiet som det det kjedelige men gode valet. Alt gjekk etter planen. Så var Stoltenberg ferdig, og applausen braut ut.

Og så skreiv Rigmor Aasrud på Twitter:

«Hva skal vi med Justin når vi har Jens»

Det er sant!! Dette er ikkje noko eg finn på. Dette skreiv ho, vaksne dama. Du kan gå inn og sjekke sjølv, om du ikkje trur meg. Dette tvitra ho – fornyings-, administrasjons- og kirkeministeren – i begeistringa etter landsmøtetalen.

Her hadde Stoltenberg jobba beinhardt for å fortelje folk kor bra det er at han er kjedelig, og så bestemmer ein av statsrådane seg for at det beste ho kan gjere for å støtte han, er å samanlikne han med Justin Bieber.

Det er som om statsministeren skulle sagt «Det siste vi treng, er folk som klappar og seier ja til alt statsministeren seier». Og så reiser Rigmor Aasrud seg midt i salen, klappar og seier «Ja!!»

Men greitt. Eg skal gi Aasrud dette: Det finst likskapar mellom AP-landsmøtet og Bieber-konsertane.

Akkurat som med Bieber-konsertane, så er det også mange spesielt interesserte som gleder seg veldig til AP-landsmøtet, utan at vi andre heilt forstår kva som er det store.

Akkurat som Bieber-fansen, har også dei frammøtte på AP-landsmøtet urimelig store forventningar. Delegatane klappar for den minste ting. Fleire av dei frammøte politiske journalistane snakka før talen om at Stoltenberg skulle skape begeistring og frelse forsamlinga.

Akkurat som Bieber-fansen, kan også landsmøte-vankarane oppvise begeistring for det minste avvik frå normalen. Bieber-fansen får med seg alt Bieber seier og gjer, og legg merke til dei heilt små endringane, som at han brukte ulike solbriller tirsdag og onsdag. Sånn er det med landsmøte-fansen også. Dei får med seg alt Stoltenberg seier og gjer, og legg merke til dei heilt små endringane. Før landsmøtetalen begynte, skreiv for eksempel fleire journalistar at Stoltenberg skulle bruke taleprompter i år. Du skal vere bra fan for å la deg begeistre av det.

Akkurat som Bieber-konsertane, så blei også landsmøtetalen til Stoltenberg dekt minutt for minutt av nettavisene. «Nå er Stoltenberg på talerstolen,» skreiv dei. Det er ikkje heilt det same som «Nå kommer Justin dalende mot scenen med englevinger». Men det liknar.

Og akkurat som Bieber-fansen, så drøymer nok også mange av dei som er på AP-landsmøtet – både delegatar og journalistar – innerst inne om at Jens Stoltenberg skal dra dei opp på scena, sette dei på fanget, og framføre siste del av landsmøtetalen til berre dei.

Så ja. Det finst likskapar. Og den største likskapen er sjølvsagt at det gjerne tek litt av ved slike høve. Og du må nesten vere der for å forstå det. Det var sikkert det som skjedde med Rigmor Aasrud også.

For noko skjedde. Aasrud er ikkje typen som tvitrar i villelse. I heile april har ho tvitra fire gonger. Nokre timar før Bieber-tweeten skreiv ho om at Frp er inkonsekvente. 11. april skreiv ho at kyrkjemøtet er i gang. Og 7. april skreiv ho «IKT tur til Tromsø i morgen». Og det var det.

IKT-tur til Tromsø. Kyrkjemøtet er i gang. Jens er som Justin Bieber.

Noko har skjedd her.

Det kan sjølvsagt hende nokon tjuvlånte telefonen hennar og tulletvitra. Det er mange tøysete AUF-arar på slike møte, og landsmøtehumor kan vere vanskelig å forstå for normale menneske.

Men sannsynligvis tok det berre litt av. Sannsynligvis syntest ho berre det var såpass god stemning at ho til ei forandring kunne tillate seg å vere litt artig.

Og det er det som irritererer meg. For dette burde eg jo unne henne. Det er sikkert ikkje så mange anledningar til å vere artig når du er fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister. Det går vel i kyrkjemøte og IKT.

Eigentlig er eg jo for politikarar som ikkje alltid berre seier og skriv det som er taktisk klokt. Eg liker eigentlig at politikarar av og til seier det som fell dei inn. At dei av og til tek litt lett på ting. Dei bør få lov til det.

Eigentlig er eg for at statsrådar skriv «Hva skal vi med Justin når vi har Jens» på Twitter sjølv om det er flautt.

Eigentlig er det flautt at eg blir flau av å lese det.

Det er flautt flautt flautt.

Så for å gjere det godt igjen, så sluttar eg med å sjølv skrive noko flautt:

Go, Rigmor! Go!


Først publisert i Aftenposten 20. april.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!